Rudolf Steiner (1861-1925)

  • Østeriksk filosof, mystikar, teosof og frimurar

  • Født 27 februar 1861, død 30 mars 1925 

  • Påvirka av Nietzsche, Max Stirner, Goethe, Ernst Haeckel, Charles Darwin, Benjamin Tucker, John Henry Mackay, 

  • Grunnleggjaren av antroposofien

Rudolf Steiner var ein intens personlighet. Forfattaren Colin Wilson gjer følgande karkteristikk i sin steinerbiografi: "Han var ein tilbakehalden, innadvent ung mann, så ute av stand til å uttrykkja sine følelsar at ein av hans næraste vener var ovebevist om at han var følelseskald". Som 36-åring gjennomgjekk han ein djuptgripande forandring som sette han i stand til å skua inn i åndeverda, og kommunisera med himmelske vesen, og det er denne påståtte evnen som er kjelda til dei fleste antroposofiske trusoppfatningar og ritualer.

I 1902 slutta han seg til Teosofisk Selskap, og vart generalsekretær for den tyske avdelingen. Teosofisk Selskap, som vart grunlagt av Helena Blavatsky (1881-1891), er oppbygd omkring meddelelsar frå det dei kallar "åndelige mesterar", overjordiske vesen som i det skjulte styrer mennesket utvikling. Disse meddelelsane vart mottatt og tolka av madam Blavatsky, og seinare av hennar etterfølgjar Annie Besant (1847-1933). På denne måten vart det etablert ein autoritær struktur som seinare vart ført vidare i antroposofien.

I 1913 braut Steiner ut av den teosofiske bevegelsen. Årsaken var at han ikkje godtok den nye åndelige mesteren som Besant hadde oppdaga i India, og som skulle vera reinkarnasjonen av Kristus. Han grunnla straks Antroposofisk selskap og utvikla dette ved å blanda teosofisk visdom med sin egen "okkulte forskning". Hovudelementet i dette trussystemet er  den åndelege utviklinga gjennom karma og reinkarnasjon samt tilgongen til ei esoterisk kunnskapskjelde forbeholdt nokre få. 

Steiners autoritære erkjennelsesfilosofi

Antropsofane hevdar at Steiners kunnskap om "det astrale planet" og dei forskjellig erkeengane si verksemd, og om det daglige livet på det sunkne kontinentet Atlantis stammar frå hans klarsynte evner. Dette kallar dei for "okkult vitenskap". Dei seier at ein må anvenda "erkjennelseskrefter av en religiøs karakter, som ligger hinsides intellektet", og vidare "Den som ikke har denne åndelige legningen finner det svært vanskelig å akseptere Rudolf Steiners antroposofisk orienterte åndsvitenskap (min uthevning)" 

Men vitenskap er jo nettopp bygd opp rundt forutsetningen om at ein vitenskapelige påstand skal skulla etterprøvast / falsifiserast og i prinsippet vera tilgjengelig for alle med ein normal utrustning.  Altså er ikkje dette vitenskap, men tru. Dette er paradoksalt i lys av at Steiner tok et oppgjer med Kants dualisme og forfekta ein form for monisme: dei filosofiske vitenskaper måtte bare ta ein verkelighet i betraktning, nemlig den empiriske. Dette paradokset løyste Steiner elegant ved å innføra hjernen som ekstra sanseorgan: Med hjernen skal ein kunna sansa tankar på same måte som vi kan sansa lydar med øyrene.

I 1904 vart Steiner utnevnt til ledar for den esoteriske skulen i Teosofisk Samfunn i Tyskland. Her gjekk han svært langt i å legitimera sin egen autoritet på ein måte som avviser ein kvar kritikk. Han starta for eksempel undervisninga si med å seia at "Gjennom meg taler visdommens og harmoniens mestere". Dei mesterane han refererer til er elleve (eller tolv) i talet, og inkluderer ma. Koot Hoomi (Mdm. Blavatskys personlige Mester), Morya, Jesus, Hilarion, Saint Germain, Paul venezianeren og indieren Narayan. Steiner hevda å stå i kontakt med både Jesus, Christian Rosenkreutz og H.P Blavatsky. Ein annan strategi Steiner benytta seg av for å legitimera sin autoritet, var å henvisa til den såkalte akasha-kronikken, som er ein slags kosmisk hukommelse der alt som er skjedd er nedtegna. Ein slik kosmisk hukommelse er det bare den sanne mester i det åndelige som har tilgang til. Slik kunne Steiner utgi sin fantasi og sine idear som sanning, og slik festar han ein ideologisk lenke til dei truande som det er vanskelig å fri seg frå.  

Antroposofiske fantastiske fantasiar.

Når utgansgpunktet er at "sannheten er å forstå som en meneskeåndens frie frembingelse som overhode ikke ville eksistert hvis ikke vi frembrakte den" så må resultatet bli som originalast. Her er et knippe "sannheter" frå det antropologiske univers: 

  • Det bur gode ånder i stearinlys, og demoner i fluoriserande lamper. 

  • Gravide skal ikkje strikka for då snurrar navlestrengen seg om barnet. 

  • Gravide skal ikkje kna brøddeig, for då går sjelskreftene inn i brødet. 

  • Barn skal ikkje klippa håret før dei er tre år. 

  • Bassrytmen frå rockemusikk kan setja seg i veggane. 

  • Sjokolade kan føra til onani. 

  • Buddha og Jesus er den samme.  

  • Artane er blitt skapte akkurat slik dei er i dag (dvs. dei forfektar kreasjonisme). 

  • Hjertet pumpar ikkje blod. 

  • Fotballsparking får sjelskraftene til å gå ned i foten 

  • osv. osv.

Om dette er originalt, så er det ikkje farlig. Men det som Steiner og antroposofane trur om mennesket sjølv, og deira tankar om det gode og det vonde er ikkje fullt så harmlause.

Mennesket er et sjudelt vesen, men bare fire deler er foreløpig utvikla, nemlig kroppen, eterlegemet, astrallegemet og jeg. Barn er eit åndevesen med et varierande antal inkarnasjonar bak seg. Det veljer sine foreldre før fødselen og planlegg faktisk livet på forhånd. Men dersom ei kroppslaus sjel likevel gjer motstand mot sine valde livsbetingelsar, så blir ho ikkje fullstendig inkarnert, og dette er ifølge antroposofane, årsaken til medfødde handikapp. 

Frå ett til sju utviklar barnet sin fysiske kropp, frå sju til fjorten den "eteriske" kroppen, og frå fjorten til tjueein den "astrale" kroppen. Astralkroppen blir dradd inn i den fysiske kroppen og forårsaker pubertet. Men dette er ein farlig fase, for i følge Steiner er agressivitet og seksualitet knytt til demoniske vesen som parasitterer på den som gir etter for sine drifter. Antroposofien har eit heilt arsenal av demonar, og dei farligaste er Lucifer og Ahriman. (Sistenevnte er ein herremann som er innvandra frå den .. gudeverda. Der har han ein birolle, men hos antroposofane har han avansert til ledarposisjon). Alt det som antroposofar ikkje likar (evt. det som Steiner ikkje likte) det står det enten "Ahrimanske" eller "Luciferiske" krefter bak. I flammene frå dei brennande tårna i World Trade Center, ser antroposofen Ahriman.

Steiners rasebaserte ideologi

I juni 1910 innleia Steiner ein foredragsturné i Norge med ei forelesing i Kristiania under tittelen "De ullike europeiske folkesjelenes misjon i relasjon til den nordisk-germanske mytologien". Her presenterte Steiner sin teori om folkesjeler. Han forklarte at den nordiske og sentraleuropeiske folkesjela er deler av den germansk-nordiske underrasen, verdens mest utvikla etniske gruppe, som igjen er fortroppen for den høgst utvikla av historiens fem "rotraser". Opphavet til rotraseteorien var Helena Blavatsky, som meinte at den europeiske utryddinga av urbefolkningsgrupper var et resultat av "karmisk nødvendighet". At denne kosmologien er så skremande lik Himmlers og Hitlers germanske mytar, er som vi skal sjå, ikkje tilfeldig.

Steiner antok at dei ulike rotrasane følgde kvarandre i kronologisk orden i epoker som varer fleire hundre tusen år, og at kvar rotrase er hierarkisk inndelt i fleire underrasar. Den antroposofiske oppfatningen av åndelig evolusjon er knytta til historien om rasane sin evolusjon. Ett opplyst fåtal vart utvikla til ein ny rase, mens dei åndelig underlegne blir degenerert, ein forestilling som har slåande likheter med Hitler sine teoriar. Høgst av rasane var den sk. ariske rasen. Denne absurde oppfinnelsen var favoritten blant reaksjonære ideologar på begynnelsen av 1900-talet og var basert på ein kombinasjon av lingvistisk og biologisk terminologi, støtta opp av tvilsom "forskning". Innan den ariske rasen er den nordisk-germanske underrasen mest utvikla. Som sin læremester Madame Blavatsky avviste Steiner tanken om at dei USA-amerikanske indianarane vart utrydda pga nybyggjarane sin virksomhet, men meinte at dei "døydde ut som ein følge av deira egen natur". Han meinte at dei lavare menneskerasane meir likna dyr enn dei likna dei høgare rasane. Australske aboriginarar, som Steiner kalla "forkrympa menneske", skal vera degenererte restar av den tredje rotrasen, lemurianarane, og blir gradvis tilbakedanna til aper. Den fjerde rotrasen var dei som budde i Atlantis. Etterkomarane etter altantidane er japanarar, mongolar og eskimoar.  Men ifølge Steiner kan ikkje dei farga folkeslaga utvikla ein egen åndelighet. Dei må enten "oppfostrast" av kvite eller blir reinkarnert med kvit hud, for "den kvite rasen er framtidens rase, den åndelig kreative rasen". 

Denne rasistiske tankegangen fins enno innan enkelte antroposofiske miljø. I 1995 vart det kjent at nederlandske steinerskular hadde undervist i "raseetnografi", der elevane fekk høyra at "den svarte rasen" har tjukke lepper og rytmefølelse, og at den "gule rasen" gøymde følelsane sine bak et permanent smil. På et foredrag på den antroposofiske vaksenskulen i Berlin påpeiket foredragshaldaren dei svarte sin "infantile" natur, og at det er hensiktslaust å senda hjelp til U-land pågrunn av dei rasemessige ulikhetane.

Steiners anti-politiske tenkning.

Hausten 1898 vart Rudolf Steiner kjent med den skotsk-tyske diktaren og Stirner-biografen John Henry Mackay og venen hans Benjamin Tucker . Begge var anarkistar, og begge vart også Steiners gode vener. Var så Rudolf Steiner ein anarkist? Det er verdt å sitera noko som Steiner skreiv i Magazin für litteratur i 1898, (og aldri seinare dementerte): "... Men om jeg, i den grad det er mulig å avgjøre noe slikt, skulle si om ordet individualistisk anarkist kunne brukes på meg, måtte jeg svare med et ubetinget ja". 

Likevel: det er mange som hevdar å vera anarkistar utan å vera det i den politisk tydinga frihetlig sosialist. At Steiner har vore opptatt av frihet er uomtvistelig, og at han i "Frihetens Filosofi" (1894) tok eit oppgjer med dualismen, kunne vore eit godt utgangpunkt for ein politisk filosofi. Men Steiners frihetsbegrep er ein overjordisk ide. Han hevdar menneskets suverene sjølvstendighet både i tanke og handling. Med dette meinte han at den moralske verdensorden hverken er et resultat av ein mekanisk natur eller et utenforliggande vesen, den er et menneskeverk

Sagt med andre ord: Steiner var ikkje bare motstandar av den materialistiske historiefortolking, men djupast sett all samfunnskunnskap. Slik sett er verda ikkje til å forstå, bare til å godta! Til tross for monismens altomfattande utgongspunkt, så fråseier Steiner seg alle muligheter til å skapa (årsaks)samanhengar i historien. Og til tross for et potensielt utgangspunkt for å byggja opp ein samfunnsteori (teorien om samfunnets tregrening), så fins det ingenting som kan halda den saman. 

Det seier seg sjølv at når ein ikkje forstår samfunnet, så kan ein heller ikkje endra det. Når alt det vonde er et resultat av enkeltmenneskes manglande moralske utrustning og utvikling, så har ein ingen mulighet for å forstå dei prosessane som endrar maktforhold, fordeling eller tankar og handlingar. Ein slik filosofi kan altså umulig vera grunnlag for ein politikk, og jamvel om det hadde, så hadde Steiner ingen ambisjonar i den retning. Han sa at "Det lå meg altså fjernt da jeg utviklet den [hans etiske individualisme], å gjøre den til grunnlag for en politisk oppfatning."  Det er derfor ingen grunn for å kunna påstå at Rudolf Steiner var anarkist, knapt nok ein politisk tenkjar.

© Gunnar Øyro web: go.to/oyro epost: oyro@go.to