Bevegelse (2FY)

Fart: gjennomsnittsfart og momentanfart.

Kva er det raskaste eit menneske har sprunge? Mange vil sei at det er Maurice Green sitt verdensrekordløp på 100m med 9.79. Men andre vil kanskje sei at det er Michael Johnsen sitt verdensrekordløp på 200m med 19.32. Kanskje er begge deler rett. Problemet er at spørsmålet er upresist. Vi må nemlig vi skilja mellom gjennomsnittsfart som er snittet over ein bestemt periode, og momentanfarten som er den farten ein har i eit bestemt øyeblikk.

Meiner vi det første er Johnsen sitt løp raskast fordi snittfarten hans var 10.35 m/s samanlikna med Green sine 10.21 m/s. Meiner vi momentanfart er det verre å sei, fordi vi ikkje har nok målingar til det. Nedanfor har vi samanlikna data frå Maurice Green sitt vinnarløp frå VM i Athen i 1997 med Carl Lewis sitt vinnarløp frå VM i Tokyo i 1991. I begge løpa vart det er tatt mellomtider for kvar 10 meter. Legg merke til at disse tidene er fråtrekt reaksjonstider (Green 0,13 s og Lewis 0,14 s) Begge fekk slutt-tida 9.86 s, noko som var verdensrekord i 1991.

 

Maurice Green

Carl Lewis

distanse (m)

tid (s)

fart (m/s)

tid (s)

fart (m/s)

0

0

0

0

0

10

1,71

5,85

1,74

5,74

20

2,75

9,62

2,82

9,26

30

3,67

10,87

3,74

10,87

40

4,55

11,36

4,63

11,24

50

5,42

11,49

5,47

11,90

60

6,27

11,76

6,32

11,90

70

7,12

11,76

7,16

11,90

80

7,98

11,63

7,99

12,05

90

8,85

11,49

8,86

11,49

100

9,73

11,36

9,72

11,62

Dei tala som er oppgitt i kolonnen fart, er heller ikkje momentanfart, men ein gjennomsnittsfart over 10m, og derfor ligg dei nærare momentanfarten enn om vi reknar for heile hundremeteren. Vi ser at Maurice Green hadde sin makshastighet mellom 50 og 60 m med ein snittfart på 11.76 m/s. Carl Lewis nådde sin makshastighet seinare, mellom 70 og 80 m med ein snittfart som var markert høgare: 12,05 m/s. Dette er den største snitthastighet over 10m som eg har funne dokumentasjon på

Vi kan aldri finna momentanfarten eksakt, men den kan estimerast basert på regresjonsanalyse (+ sunn fornuft). Green sin maksimale momentanhastighet er estimert til 11.87 m/s mens Lewis sin høgaste momentanhastighet nok ligg på rundt 12,1 m/s. Donovan Bailey også er blitt målt til 12,1 m/s, men med litt meir usikre metodar (radar). Merk at eg ikkje har data frå Green sitt verdensrekordløp.

Likevel har jo Green verdensrekorden, og vi ser no at det er akselerasjonen som gjer Green til ein god sprintar. Det kan vi sjå på tidene for dei første 10 m: Green har 5,85 m/s medan Lewis har "skarve" 5,74 m/s. Carl Lewis sin styrke var både stor maksfart og evne til å halda denne lenge. Derfor var han også ein god 200m-løpar. Det siste gjeld i enno større grad Michael Johnsen. Då han sette verdsrekord på 200 m med 19,32 hadde han ein maksimal momentanhastighet på rundt 11.6 m/s. Det som gjorde dette løpet så bra var at han klarte å halda farten over 10 m/s på heile distansen, noko som er eksepsjonelt. Denne evnen gjorde han også til ein fantastisk 400m-løpar. Vi kan derfor her sjå tre forskjellige ferdigheter: