Radioaktivitet (2FY)

Ei atomkjerne består av nøytroner og protoner. Til tross for at der vikar frastøytande krefter, så sørgjer den sterke kjernekrafta for at kjernen blir halden i saman - men bare under visse betingelsar. Hvis vi prøvde å setja saman ei atomkjerne med eit tilfeldig antal nøytroner og protoner, så ville den høgst sannsynlig falla i bitar umiddelbart, for det er bare visse kombinasjoner som gir stabile  kjerner. For små kjerner må det vera tilnærma like mange kjernepartiklar av kvart slag, slik som He-4 som har to nøytroner og to protoner. Tyngre kjerner behøver fleire nøytroner for å motvirka den elektriske krafta som blir meir dominerande eks Ba-138 som har 56 protoner og 138 - 56 =  82 nøytroner. Derfor ligg dei stabile kjernene lenger og lenger borte frå linja Z = N etter som Z aukar

Grafen til venstre viser dei stabile kjernene i rødt og linja Z = N i grønt. Den horisontale aksen er protontalet Z, og den vertikale er nøytrontalet N. Det er verd å merkja seg at
  • Det er ingen stabile kjerner med protontal over 83 eller nøytrontal høgare enn 126. 
  • Stabile kjerner har som regel eit like antal protoner og eit like antal nøytroner. 168 av dei stabile kjernene er like-like mens 4 av dei er odde-odde.
 

Dei kjernene som ikkje er stabile, vil falla sund etter ei kortare eller lengre tid. Den vil dela seg, ved å senda ut mindre eller større deler. I somme tilfelle vil den dela seg i nesten like store deler. Dette kallast for spontan fisjon. Men det vanligaste er å så senda ut små deler,  og nedanfor er ein oppsummering av disse. 

 

 Type  Partikkel  Eksempel  Gjennomtrengningsevne
 Alfastråling  heliumkjerne   1
 Betastråling  elektron   100
 Gammastråling  foton   10000
 Positron-utsending  positron   100
 elektroninnfanging  elektron frå indre skal    ingen stråling

Ei enkelt kjerne kan falla sund på fleire ulike måtar

eks.Kalium-isotopem K-40 som kan β+, β-,K*

Ofte er den restkjerne vi set igjen med også radioaktiv. I slike tilfelle vil den også falla sund, og dette vil fortsetja heilt til vi sit igjen med ei stabil kjerne.