Pardanning

Fotoner som har større energi enn 1.02 MeV kan vekselvirka med ei atomkjerne og danna eit elektron-positron par. Denne energien er akkurat nok til masseenergien til elektronet og positronet. (0.51 MeV kvar). Overskytande energi er kinetisk energi, og vil bli delt mellom disse to partiklane som vil forårsaka ionisering i det materiale dei bevegar seg i. Positronet vil til slutt bli innfanga av eit elektron, og dei to vil annihilera. Dette resulterer i to fotoner, kvar med energi på 0.51 MeV. Disse fotonene vil så igjen tapa energi ved Comptonspredning eller ved den fotoelektriske effekten.

 
Figur 2.9: Pardanning.

Eksempel