Han plasserer jorda i midten akkurat som i det klassiske verdensbildet, og rundt jorda plassere han innerst månen, og lengre ute sola. Men i staden for å la dei andre planeten også kretsa om jorda, så lar han disse kretsa om sola. Ytterst er stjernenes sfære.
Dette systemet løyste nokre fundamentale problem uten å skapa nye. Det
forklarer dei ytre planetenes retrograde bevegelse og at dei indre planetene, Merkur og
Venus, ikkje fjernar seg særlig langt frå sola. Det skaper heller ikkje
problem med fiksstjerneparallaksen
sidan den ikkje var mulig å observera på den tida. Med den tids teknikk var det
ikkje mulig å påvisa gjennom observasjoner om det var det kopernikanske systemet eller
Tycho sitt system som var det rigtigaste.
Men Tycho sitt system vant anerkjennelse i mange år, og var ein periode foretrekt framfor det kopernikanske. Den katolske kyrkja, kanskje spesielt jesuittane, likte Tycho sitt system best, nettopp fordi det ikkje flytta Jorda vekk fra verdens sentrum.
Egentlig er systema til Tycho Brahe og Copernicus likeverdige. Forskjellen er kor det plasserer sitt referansesystem. Det kopernikanske systemet har sola som referansesystem, mens Brahe sitt har jorda. Men hvis ein ser på dei innbyrdes avstandane mellom ulike planeter, og vinklane mellom disse linjene, så er dei like.