Aristoteles var fødd i Makedonia og studerte under Platon i 20 år. Han var lærar for Aleksander der store og grunnla sin egen skule i Athen. Denne skulen, Lykeion, kom til å bestå i over 860 år. Her bygde han ut biblioteket sitt, og her grunnla han det første naturhistoriske museum. Han var interessert i biologi, og som biolog lærte han å observera og klassifisera, men ikkje eksperimentera. Disse metodane overførte han så til andre displinar. Mens Platon danna seg ein idealstat ved hjelp av den reine tanken, studerte Aristoteles faktisk eksisterande samfunn. Gjennom systematiske skildringar av 158 ulike greske bysamfunn grunnla han (og assistentane hans) studiet av politikk bygd på erfaring. Undervisninga ved Lykeion skal ha spent over mange emne: filosofi, historie, statslære, realfag, retorikk, litteraturvistkap og diktekunst. Skriftene til Aristoteles vart i stor grad redigert av elevane, og mot slutten av middelalderen (1200 og utover) vart dei systematisert til pensum på undervisningsanstaltane. Etter kvart vart også ei rekkje aristoteliske begrep inkorporert i den kristne kyrkja. Av den grunn har tankane fått stor innflytelse på fysikkens utvikling.
Aristoteles forkasta Demokrit sin tanke om atomer, men godtok Empedokles sine element. Han seier at alle ting er samansett av dei fire element – eld, luft vatn og jord – der dei to første søkjer oppover (elden sterkare enn luft), og der dei to siste søkjer nedover (jord sterkare enn vatn). Fall blir forklart ved at dei enkelte ting søkjer som ”naturlige stad” i samsvar med sitt blandingsforhold av disse fire elementa. Men ting kan også ha ei påtvinga bevegelse, slik som ei pil som bli skoten ut av ein boge i horisontal retning. Den påtvinga bevegelsen gir altså ein annan retning enn den naturlige.
Sjølv Aristoteles fremdeles er aktuell både i statslære og logikk osv, så er fysikken hans ”gått ut på dato” Dette heng saman med bla desse to forholda: