FYSIKKENS VERDEN:
- Kva er fysikk og naturvitenskap?
Vi kan studera og læra faget fysikk på mange måtar. Tre måtar å tilnærma seg
faget er:
1. Filosofisk tilnærming: å forstå verda = GRUNNFORSKING
Det ein ma. er opptatt av å forstå er:
- fysiske fenomen. (kva er lys, bevegelse, varme, lyd osv?)
- dei fundamentale byggesteinane - korleis er alt stoff bygd opp?
- dei fundamentale kreftene - årsakene
- dei fundamentale lovene.
2. Praktisk tilnærming: å kontrollera verda = ANVENDT FORSKING
Viktige mål for den anvendte forskinga er:
- Predikera (forutsei) hendelsar, beregna og modellera prosessar.
- Teknikk, byggja apparat og hjelpemiddel
- Uvinna energi og få maskinar til
å arbeida for oss.
3. Historisk / sosiologiske tilnærming
er opptatt av å studera
- Fysikkens vekselverknad med samfunnet
- Fysikkens historiske utvikling.
Eit lite historisk overblikk.
Det er naturlig å ta utgangspunkt i historien. Her er nokre highlights frå
fysikken historie:
Den tidlige fysikken kan ikkje skiljast frå naturvitenskapen eller filosofien.
Ideen om harmoni og orden var ein grunnleggjande tanke for dei første
filosofane. Denne fasen kallar vi naturfilosofien. Viktige navn og stikkord her
er:
- Thales - leiting etter "urstoffet", "alt er vatn"
- Anaximander - "apeiron", det ubestemte urstoffet
- Anaximenes - uttynning og fortetting som overgangar mellom stoff
- Heraklit - forandring skjer etter ei uforanderlig lov
- Empedokles - dei fire elementa
- Demokrit - atomet
Oppsummerte og samla dei rådande ideane, og danna skule. Dette var
problematisk i forhold til:
- Verdensbilde: Jorda i ro i sentrum av et antal sfærer (kuleskall)
med månen i den innerste, og deretter Merkur, Venus, Sola og dei
andre planetane Mars, Jupiter og Saturn, og ytterst stjernene.
Dette er det sk. Ptolemeiske, eller det geosentriske verdensbilde.
- Bevegelseslære: Ein gjenstand fell med ein hastighet som er PROPORSJONAL med vekta.
dvs. ein gjenstand som er dobbelt så tung som ein annan vil falla
dobbelt så fort som den andre. Dette kan relativt lett avkreftast, ved
eksperiment, og det viser at Aristoteles ikkje dreiv med slikt.
(Men det kan vel også avvisast med litt omtanke: Tenk deg kva som
ville skjedd når mange fallskjermhopparar kobla seg saman!)
- Metode: Aristoteles og naturfilosofane tenkte seg fram til sine
resultat, dei gjorde hverken observasjonar eller forsøk for å bekrefta eller
avkrefta sine teoriar.
- Bacon - observasjon
- Nicolaus Copernicus, Tycho Brahe og Johannes Kepler - det heliosentriske
verdensbilde
- Galileo Galilei kvantitative - eksperiment, hypotetisk deduktiv metode.
- Isaac Newton - klassisk mekanikk, Calculus.
Klassisk fysikk frå Newton og fram til ca. 1900
- klassisk mekanikk: bevegelseslære, astronomi
- klassisk optikk
- elektrisitetslære
- varmelære og statistisk fysikk
- akustikk og hydrodynamikk
Relativitetslæra, + Kvantefysikken →
"Ferda mot det uendelige".
- Ferda utover: moderne
astronomi og kosmologi.
- Ferda innover: atomfysikk →
faststoff, laser, kvanteoptikk, kvantekjemi, moderne elektronikk mm., Kjernefysikk
→ kjernekraft og kjernevåpen, Partikkelfysikk
→ nye
byggesteinar: kvarkar og leptoner. Strengteoriar.
FYSIKKENS FRAMSKRITT
har dels skjedd fordi ein har bygd vidare på andre sine oppdagingar, og dels
ved enkeltpersonars innsikt. Altså vanligvis i små skritt, sakte men sikkert,
men plutselig i store sprang eller revolusjonar:
- Den første er den såkalte naturvitenskapelige revolusjon, går like mykje
på metode som på resultat. Likevel fekk vi med Copernicus også eit nytt
verdensbilde.
- Den andre er overgangen
til den ”moderne” fysikken dvs. relativitetsteoriane og Kvantefysikken
(Einstein, Planck, Bohr mfl.), og gjekk på korleis vi tenkjer fysikk.
Relativitetslæra Kvantefysikken innførte begrep som kvantisering og
usikkerhet, og gav oss ein ny forståelse av verda. Begge braut med klassisk
fysikk og rista
derved fysikkens grunnvollar.
Lista over personar som har bidratt til fysikkens framskritt er lang. Bare
dei aller viktigaste er nevnt her. Her er ei litt lengre liste.