Resultatet er at vi har ein gass med høg temperatur og høgt trykk på venstre side og lav temperatur / lavt trykk på høgre side. Dermed er det mulig å utvinna energi feks ved å plassera ein gassturbin mellom.
Denne tenkte situasjonen bryt ikkje med energibevaringsprinsippet. Men det bryt tilsynelatande med termodynamikkens andre lov som seier at ordenen til eit lukka system ikkje kan auka. (Dette svarar til at systemets entropi ikkj kan gå ned) Demonen prøver å skapa meir brukbar energi ved å ordna det og derved minka entropien. Men eit slikt brot på termodynamikkens andre lov har aldri blitt funne. For å forklara paradokset vert det peika på at demonen må bruka energi for å observera molekyla ( i form av fotoner feks.) og at demonen sjølv vil få auka sin entropi slik at systemets totale entropi aukar.