Naturfilosofane
Frå Thales til Demokrit
- Thales frå Milet
Filosofien i Hellas blir gjerne ført tilbake til Thales, som levde i
den joniske kolonibyen Milet. Det vert sagt at Thales ein gong forutsåg ein
solformørkelse, og i såfall hadde han kunnskapar om astronomi. Disse
kunnskapane kunne ha kome til han frå babylonarane. Det blir også fortalt at
han hans gjorde reiser til Egypt, noko som ikkje var uvanlig hos grekarane. På
ein av disse reisene skal han ha rekna ut pyramidens høgd basert på lengden på
skuggen. Altså hadde han også kunnaskapar i matematikk (geometri). Men han er
kanskje best huska for at han sa at ”alt er vatn” , noko som gjer at vi
også kan rekna han for fysikar. Men sidan det for det første ikkje var noko
skarpt skilje mellom disiplinane den gong, og for det andre sidan det heller
ikkje eksisterte noko vi kan kalla for vitskapeleg metode, så er det rettare å
kalla Thales for naturfilosof. Aristoteles sa at Thales var
grunnleggjaren av den filosofien som spør etter det opphavet alt verande
oppstår av og som det går attende til, og utsagnet ”alt er vatn”, må tolkast i
lys av dette. Ei tolking er at Thales meinte at vatnet var byggesteinen i
universet, sjølve ”urstoffet”, og at det fins i to tilstandar,
nemlig som vanlig vatn og som omforma vatn. (jord, is, tre osv.) Med dette er ideen om at alt
- Anaximander (ca. 610 – 546 fKr.) som
også var frå Milet, følgde denne tanken vidare. Men han ser ikkje nokon
tvingande grunn til at nettopp vatnet som var urstoffet. Ifølge Thales ville
alle stoff kunna gå over i kvarandre (via vatn), så logisk sett meinte han
at ein like godt kunne kalla jord eller andre stoff for urstoff. Han kalte
derfor urstoffet for ”apeiron” – det ubestemte. Dermed har han
forsåvidt unngått innvendinga, men apeiron er ikkje observerbart,
slik som vatn
- Anaximenes (ca. 585 – 525 fKr) reknar
lufta for urstoffet. Han forklarar overgangane frå ein (aggregat)tilstand
til ein annan som oppvarming og avkjøling. Oppvarma luft blir fortynna til
eld, og avkjølt luft blir fortetta til vatn, og vidare til is, og derifrå
til andre faste ting.
- Heraklit (omlag 500 f.Kr.) var frå
havnebyen Efesos, ikkje langt frå Milet. Han meinte at alt er i forandring
(”Ein kan ikkje stiga med i same elva to gonger”) men at forandringa skjer
etter ei uforanderlig lov (logos) Han sa at ”denne verdsordninga,
som er den same for alle, vart korkje skapt av ein gud, eller eit
menneske, men verdsordninga var alltid, og ho er ein levande eld, som
lågar opp og døyr ut etter mål”. Det grunnleggjande for Heraklit, er altså
ikkje stoffet, men loven.
- Empedokles (ca. 492 – 432 f.Kr) opererer
med fire uforanderlige urstoff: eld, luft, vatn og jord og to krefter, den
splittande kraft (hat) og den samlande kraft (kjærlighet). Han har ein
slags ”kjøkkenmodell” der alle ting kan lagast utfrå desse elementa i
passande blanding. Verdensprosessane utviklar seg frå ein tilstand der
”kjærligheten” har fullstendig overhånd, og alle elementa følgelig er
fullstendig blanda. Denne tilstanden, der det ikkje fins noken enkeltting,
går så over i ein tilstand der elementa er fullstendig adskilte, og så går
alt tilslutt tilbake til sin opprinnelige tilstand. Her kan vi sjå
parallellar både til New Age filosofi og til Big Bang teoriar.
- Anaxagoras (ca. 498 – 428 f.Kr) har
bare ei kraft: nous. ”ånd”, men eit utal element
- Demokrit (ca. 460 – 370 f.Kr)
derimot,seier at det fins bare ein
slags ting: små udelelige partiklar (atom) som svever rundt i eit tomt
rom. Og bevegelsane er utelukkande mekanisk bestemt. Universet blir dermed
eit slags gigantisk biljard-spel der alle bevegelsane er bestemt av dei
kollisjonane som oppstår. Atoma er av same slags materie, men har ulik
form pg størrelse. Ting oppstår ved at atoma klumpar seg saman. Visse
typar atom har lett for å hekta seg i hop, og andre ikkje. Demokrit sin
teori er derfor ein slags kjemisk valens-teori.