absolutt nullpunkt: den lavaste temperaturen som er mulig. 0 K =
-273,15 C.
absorpsjon: opptak av feks. lyd, lys, væske eller radioaktiv stråling
absorpsjonsspekter: spekter med mørke linjer som kjem av at det tilsvarande lyset har blitt absorbert. Jf. emisjonsspekter.
adiabatisk: varmeisolert (Om prosess eller system) som er isolert slik at det ikkje blir utveksla varme
med omgivelsane.
akselerasjon: Symbol: a Enhet m/s2 Fartsendring dividert med tid.
akselerert referansesystem: referansesystem som er akselerert i forhold
til eit treghetssystem.
alfapartikkel: heliumkjerne.
ampere (A): enhet for elektrisk straum
amperemeter: straummålar med skala i ampere.
amplitude: det største utslaget i ein svingning
annihilering: prosess der ein partikkel møter sin egen antipartikkel og begge forsvinn.
Energien dannar nye partikkel-antipartikkelpar (som feks to fotoner) Jf. Pardanning.
antipartikkel:
partikkel som har nokre eigenkaper, td. masse eller spinn, lik egenskapane til ein
annan atomær partikkel, og som har andre egenskaper som elektrisk ladning, med
motsett fortegn. Antipartikkelen til eit elektron kallast positron og har samme
masse, men positiv ladning. Somme partiklar, som fotonet, er sin egen antipartikkel.
arbeid: Symbol: W, A. Enhet J = Nm. Kraft mulitplisert med forflytting i
kraftretninga,
eller overføring av energi frå ein lekam til ein annan når
energioverføringa ikkje er varme. Dette er det same som skalarproduktet
av forflyttinga og krafta.
Arkimedes’ lov: lov som seier at når ein lekam er nedsenka i ei væske, får han ei oppdrift som
er like stor som tyngda av den væskemengda han fortrengjer.
asteroide: steinobjekt i bane rundt sola, mindre enn ei planet men
større enn ein meteoroide.
astronomisk enhet: (AU) = 149,597,870 km ; gjennomsnittlig avstand mellom
Jorden og Solen.
atmosfære: 1) Enhet for trykk. Gjennomsnittsverdien av lufttrykket ved
havoverflata. Ein standardatmosfære atm = 101,325 kPa 2) Ytre gasslag på ei
stjerne eller ei planet.
atommasseenheten u: Enhet for masse. 1/12 av massen til eit atom av nukliden C-12.
avstandskraft: kraft som virkar gjennom tomt rom.
b-kvark Ein kvark med ladning –1/3
bakgrunnsstråling: sjå kosmisk bakgrunnsstråling.
baneakselerasjon:
akselerasjonskomponent langs tangenten til ein krum bane.
banefart: absoluttverdien av momentanfarten.
balmerformelen:
formel som gir frekvensane for spektrallinjene i balmerserien i hydrogenspekteret
betapartikkel: energirikt elektron som blir sendt ut av ei radioaktiv
atomkjerne.
bevaringslov: konserveringslov. Lov om størrelsar som ikkje endrar verdi under visse prosessar. Eksempel er
energikonservering.
bevegelsesmengde: produkt av massen og farten til
ein gjenstand. For fotoner er bev.mengde lik forholdet mellom fotonenergien og
lysfarten.
Big Bang: det store smellet som ein antar universet begynte
med
Big Crunch: det store samanbrotet. Mulig ende på universet.
boblekammer: behaldar med overheta, gjennomsikitig væske der det
dannar seg bobler rundt dei iona som oppstår når ein ladd partikkel går
gjennom væska.
boson: partikkel med heiltallig spinn (0,1,2, ...) Alle kraftformidlarane
er bosoner. Alle mesoner er også bosoner.
bremsestråling: røntgenstråling som blir sendt ut av elektronar som
blir sterkt nedbremsa.
brownske rørsler: uordna, skiftande bevegelsar av mikroskopiske partiklar i ein væske eller ein gass som
følge av samanstøyt med molekyla omkring.
brun dverg: himmellekam som hadde for liten masse til å bli ei
stjerne, men for stor til å bli planet.
brytning: Endring av retninga til ei bølge som går frå eit stoff til eit anna.
brytningindeks: Symbol: n, ingen enhet. Forholdet mellom sinus til innfallsvinkelen i tomt rom
og sinus til brytningsvinkelen. Også lik forholdet mellom lysfarten i tomt rom og (fase)farten for lyset i stoffet.
brytningsvinkel: Vinkelen mellom den brotne stråla og innfallsloddet
buk: området mellom to knutepunkt i ei ståande bølge.
bølge: endring som brer seg. Td. lyd- lys eller vannbølgjer.
bølgefart: fasefart Utbredingsfarten for ein bølgje.
bølgefront: samanhengande linje (eller flate) mellom punkt som svingar i same fase.
bølgelengde: avstanden frå et punkt til det neste som svingar i
fase.
bøyning: diffraksjon Det fenomenet at bølgjer blir bøygd til sida når dei passerer små hindringar,
tronge opningar eller skarpe kantar.
charm: ein av kvarkane c-kvarken
comptoneffekt: spredning av energirik elektomagnestisk stråling mot
frie elektroner.
coulomb C:, enhet for elektrisk ladning
decay: sundfall Ein prosess der ein partikkel forsvinn og to eller fleire nye partiklar oppstår.
demping: amplitudereduksjon over tid for ein svingning eller bølgje.
destruktiv interferens: inteferens der bølger svekkar kvarandre.
detektor: Eit apparat for påvisning eller måling av td. partiklar, eller bølger.
deuterium: Hydrogenisotop med ett proton og ett nøytron. Symbolet D blir også brukt.
dipol: to elektriske ladningar som er like store og har motsatt
fortegn.
dipolfelt: elektrisk felt rundt ein dipol.
dopplereffekt: det at bølgelengden og frekvensen av lyd- og lysbølger avheng
av den relative farten mellom observatør og bølgekilde.
effekt: Symbol:P, Enhet W = J/s. Energioverføring (arbeid, varme) E dividert med tid t.
For elektrisk straum er P = UI.
egenfrekvens: Ein av dei mulige frekvensane til eit svingande system som er overlatt til seg sjølv.
Jmf. påtrykt frekvens og grunnfrekvens.
egensvingning Fri eller naturlig svingning for et system slik at det svingar med ein egenfrekvens.
eksitere: Tilføra energi til et atomært system slik at det kjem på eit høgare energinivå, dvs.
ein eksitert tilstand.
ekvivalentdose: Symbol: H, enhet Sv J/kg. Størrelse som representerer biologisk skadeverknad av ein
absorbert dose.
elastisk støyt: støyt der den totale kinetiske
energien er bevart (den same før og etter støyten.)
elektrisk feltstyrke: Symbol: E, enhet: V/m = N/C. Forholdet mellom elektrisk kraft, F som vil virka på ein
partikkel i feltet, og ladining Q på partikkelen. E = F/Q
elektrisk kraft: Kraft mellom partiklar på grunn av ladning. (I dagligtale også brukt om elektrisk
energi.)
elektrisk ladning: Symbol: Q, Enhet C = As
elektrisk straum: Symbol:I, Enhet A (Ampere). Elektrisk ladning gjennom ei flate dividert med tid. I =
Q/t
elektromagnetisk stråling: stråling av samme art som lys, optisk stråling, radiobølgjer, røntgen og gammastråler.
Blir også kalla elektromagnetiske bølgjer.
elektromotorisk spenning: ems Symbol E; enhet V = J/C. Spenninga mellom polane i ei
spenningkjelde når det ikkje går
straum gjennom kjelda.
elektron: Symbol e. Elementærpartikkel med negativ elektrisk ladning (den negative elementærladninga)
elektronvolt eV: Energienhet lik produktet av elementærladninga og ein volt:
eV = 1,602 . 10-19 J.
elementærladningen: Symbol e. Den minste kjende positive
elektriske ladningen, e = 1,602 . 10-19 C.
elementærpartikkel: Partikkel som ikkje kan byggjast opp av andre meir elementære delar.
I dag blir kvarkane og leptona rekna for elementærpartiklar, dessutan foton
og gluon og andre partiklar som sørgjer for vekselveknaden mellom kvarkar og
lepton.
emisjonsspektrum: Spektrum av lys som er sendt ut fra et stoff.
emittere: sende ut stråling.
energi: Symbol: E, Ek, Ep, W, Q. Størrelse som er karakteristisk for
tilstanden for et system.
energiforbruk: omforming av høyverdig energi til lavverdig energi.
energiformer: det er to hovedformer for energi: Kinetisk (bevegelses) energi og potensiell
(stillings-)energi
energikvalitet: egenskap som fortel kor mykje arbeid ein kan få ut av
ei gitt energimengde.
energilova: lova om energibevaring, lova om at energien for et isolert system er konstant.
energioverføring: energi kan overførast på to måter: som varme Q eller som arbeid W. Overføring ved elektromagnetisk stråling er ein form for varme.
fart: hastighet Symbol: v, c (++) Enhet m/s. Vei dividert med tid, v = s/t.
fase: (om svingningar og bølgjer) Svingetilstand. Samme posisjon og fart. (retning)
faseovergang: overgang mellom forskjellige stofftilstandar (aggregattilstandar). Eksempel smelting,
fordamping og kondensering.
felt: område der det virkar
avstandskrefter på gjenstandar.
feltlinje: linje i et (kraft)felt som
viser retninga og styrken til feltvektoren. Der feltlinjene ligg tett er feltet
sterkt.
fermion: partikkel med halvtallig spinn (1/2, 3/2, 5/2, ...)
fisjon: kjernespalting, deling av ei atomkjerne i to eller fleire omtrent like store deler + nøytroner,
samtidig som det blir frigjort energi.
fjernkraft: kraft som virkar mellom lekamar som ikkje er i kontakt med kvarandre. som td. tyngdekrafta. Jf. kontaktkraft.
flatt univers: universmodell der gjennomsnittstettheten er lik den
kritiske tettheten, slik at universets utvidingstakt vil gå mot null når tida
går mot uendelig.
fluks: produkt av flukstetthet og areal, størrelse
som td. beskriv magnetfeltet gjennom ei flate.
fordamping: faseovergang frå væske til gass
fordampingsvarme: varme som trengst for å gjera ei væske om til damp ved konstant temperatur.
fotoelektrisk effekt: Det fenomenet at elektromagnetisk stråling som fell på eit metall kan riva laus
elektroner frå overflata. (eller det kan også oppstå elektrisk spenning mellom
deler av stoffet: indre fotoelektrisk effekt)
foton: energikvant som lysstrålinga og all elektromagnetisk stråling består av. Energien i eit
foton er gitt ved E = hf (Plancks lov) der h er Planckkonstanten og f er
frekvens. Eit foton har ingen masse.
frekvens: Symbol: f, enhet: Hz = 1/s. Talet på svingningar eller omløp dividert med tid.
friksjons(kraft): kraft som virkar langs kontaktflata mellom to
gjenstandar.
friksjonsarbeid: energi som går med til å overvinna glidefriksjon.
friksjonstall: forholdet mellom friksjonskraft og normalkraft på ein
gjenstand.
fritt fall: bevegelse av ein lekam som bare er påvirka av tyngdekrafta.
fusjon: kjernesamansmelting, reaksjon der atomkjerner smeltar saman
til tyngre kjerner samtidig som det blir frigjort energi
galakse:
stort system av stjerner bunde saman av gravitasjonskrefter.
galaksehop:
stort system av galakser bunde saman av gravitasjonskrefter.
gammastråler: elektromagnetiske stråler (fotoner) som blir emmitert frå ei atomkjerne.
geosentrisk: om verdensbilde med jorda i sentrum.
geostasjonær
satelitt: satelitt som sirklar over ekvator og held seg over det same
punktet på jordoverflata.
gitterkonstant: avstand mellom to nabospalter i eit optisk gitter
gravitasjon: gravitasjonskraft Symbol: G, Enhet: N. Innbyrdes tiltrekking mellom to objekt eller partiklar på grunn av
massane deira. Tyngda av ein lekam er gravitasjonskrafta på lekamen frå jorda.
gray: joule pr kilogram kropssmasse, enhet for stråledose.
grensefrekvens: minste frekvens som kan gi fotoelektrisk effekt fra
eit gitt metall.
grensevinkel: største innfallsvinkel ei bølge kan ha i et medium
dersom den ikkje skal bli totalreflektert.
grunnfrekvens: den lavast mulige egenfrekvensen for td. ein svingande streng eller ei luftsøyle.
grunntilstand: den lavaste energitilstanden for et system, feks. eit
atom. Motsatt: eksitert tilstand.
gluon: kraftformidlaren for den sterke kjernekrafta.
hadron: partikkel laga av to kvarkar (meson) eller tre kvarkar
(baryon) og gluoner.
halveringstid: Symbol T1/2, Enhet: s. Tid som i gjennomsnitt går med før halvparten av ei viss mengde
radioaktivt stoff er omdanna.
heliosentrisk: om verdensbilde med sola
i sentrum.
hertz: svingningar pr. sekund, enhet for frekvens.
hovedserien: mengden av stabile stjerner, ordna etter
overflatetemperatur og utstrålt effekt.
hovedseriestjerne: normal,
stabil stjerne som produserer energi ved fusjon av hydrogen til helium.
impuls: symbol I, enhet Ns = kg m/s, produkt av kraft som virkar på ein
gjenstand og den tida krafta virkar.
indre kraft: kraft på ein del av eit system frå ein annan del av det
samme systemet.
indre resistans: resistans i ei straumkjelde, i motsetning til
resistansen i resten av kretsen.
innfallsloddet: linje vinkelrett på grenseflata i det punkte ei lysstråle treff.
innfallsplan: plan gjennom innfallsstråle og innfallslodd
innfallsvinkel: vinkelen mellom innfallande stråle og innfallsloddet
interferens: det at fleire bølger virkar saman og lagar ei bølge.
ioniseringsenergi:
den minste energien som skal til for å fjerna eit elektron frå eit atom.
isotop: nuklidar av same grunnstoff, dvs. med same protontal i
kjernen, men ulikt nøtrontal.
joule: newtonmeter, enhet for energi, varme og arbeid
karbonsyklus: serie fusjonar som produserer størstedelen av energien i store
hovedseriestjerner.
kilogram kg: enhet for masse..
kjedereaksjon: reaksjon som held fram av seg sjølv når han har kome i gang, td eit bål, eller
fisjonsprosessen i ein kjernereaktor.
kjernepartikkel, nukleon: proton eller nøytron
klassisk fysikk:
fysikken fram til slutten av 1800-talet.
knutepunkt: punkt der amplituden i ei ståande bølgje har eit minimum.
komet: middels stor islekam i bane rundt sola.
kondensasjon: faseovergang fra gass til væske.
kontaktkraft: nærkraft Kraft som virkar mellom gjenstandar som er i kontakt, mikroskopisk sett ei elektrisk
avstandskraft.
kontinuerlig spektrum: samanhengande spektrum med umerkelige overgangar mellom alle regnbuefargane.
korrespondanse: samsvar mellom kvantefysikk og klassisk fysikk.
kosmisk bakgrunnsstråling: elektromagnetisk mikrobølgestråling frå
verdensrommet som kjem jevnt fordelt frå alle retningar og ikkje kan sporast
tilbake til bestemte kjelder.
kraft: Symbol F (K, N osv), enhet N (Newton) = kg m/s2 Påvirkning som kan forandra
farten eller formen til ein gjenstand.
kritisk radius: den radius ein himmellekam må trykkjast saman til for
å bli eit svart hol.
kritisk tetthet: kosmisk massetetthet som er
nødvendig og tilstrekkelig for å stoppa universet utvidelse.
kvant: minste del av ein fysisk størrelse (for eksempel. energi, ladning ) som ikkje har
samanhengande (kontinuerlige) verdiar, td. lyskvant (foton) eller elektrisk
ladningskvant (elementærladningen).
kvantesprang: (I kvantefysikken) Overgang frå ein energitilstand til ein annan.
kvantetal: tal som karakteriserer dei mulige, forskjellige energitilstandane for et system.
kvark: ein type elementærpartikkel som ikkje er påvist i fri tilstand. Dei er påvirka av sterke
kjernekrefter og byggjer opp eit hadron.
kvasar: hyperaktiv kjerne i ein ung galakse.
langsbølge: bølge der utslaga går langs forplantningsretningen. Jf
tversbølge.
lepton: fundamentalpartikkel som ikkje er påvirka av den sterke
kjernekrafta, td elektron.
linjespektrum: spektrum som består av klart adskilte fargar.
lorenzfaktor: faktor som blir brukt til omregningar i den spesielle
relativitetsteorien.
lukka univers: universmodell der
gjennomsnittstettheten er stor nok til at utvidelsen av universet vil stansa.
lyshastigheten = 299,792,458 m/s.
lysår: lengdeenhet. Den distansen lyset bevegar seg i løpet
av et år, dvs. 9,46053·1015 m.
masse: Symbol: m, Enhet: kg. Egenskap ved ein gjenstand som er uttrykk for treghet
(F=ma), tyngde (G = mg) og energi (E = mc2)
massebevaring: det at massen av eit isolert system held seg konstant. Generelt er ikkje dette
tilfelle.
masseenergi: den energi som ein gjenstand har på grunn av sin masse.
massetetthet: Symbol ρ, Enhet: kg/m3. Masse dividert med volum for et homogent stoff.
mekanisk (ytre) energi: Symbol: Em Energi i systemet som ikkje blir rekna som termisk energi. (varmeenergi)
meson: hadron som er bygd opp av ein kvark og ein antikvark.
meteor: (også kalt "stjerneskudd" eller "fallande stjerne") Ei lys stripe
sett på nattehimmelen forårsaka av ein meteoride eller ein liten ispartikkel som
kjem inn i jordatmosfæren.
meteoritt: stein eller metallklump frå
rommet funne på jorda.
meteoride: et lite steinlekam i bane rundt
sola, mindre enn ein asteroide.
millibar: 1/1000 av ein bar.
moderne fysikk: fysikken frå begynnelsen av 1900-talet, dvs. kvantefysikk og
relativitetsteori.
myon: eit ”tungt elektron” dvs. eit lepton med større masse enn elektronet.
mørk materie: materie som bidrar til universets masse, men som ikkje
kan observerast med optiske metodar.
normalkraft: kraft som virkar vinkelrett på ei gitt flate.
nukleon: kjernepartikkel, fellesnavn for protoner og nøytroner.
nukleontal: Symbol: A. Antal nukleoner i ei atomkjerne. (også kalt massetal)
nuklide: atomslag med spesifiserte nukleontal og protontal.
nøytrino: Symbol: ν. Eit lepton utan ladning, og med svært lav eller muligens ingen masse.
nøytron: Symbol: n. Kjernepartikkel med null elektrisk ladning. Nøytronet er eit baryon
nøytronstjerne: liten stjerne med erkstremt stor massetetthet.
oppdrift: Resultanten av trykkreftene på ein gjenstand som er i ei væske eller ein gass.
opprike / anrike: auka konsentrasjonen av eit stoff i ei blanding, td. i malm.
parallakse: vinkelen mellom to siktelinjer til ei stjerne som blir
observert frå to forskjellige punkt på jordbanen.
pardanning: når ein partikkel og ein antipartikkel blir danna av energi
(ett eller fleire fotoner).
partikkelakselerator: maskin som gir ladde atomære partiklar høg kinetisk energi.
periode, svingetid, omløpstid: Symbol: T, enhet: s, Tid for ei heil
svingning.
positron: elektronets antipartikkel med ladning +1.
potensiell energi: stillingsenergi, arbeid som må til for å flytta ein gjenstand mot ein naturkraft (td.
tyngdekrafta eller den elektromagnetiske krafta)
protogalakse: galakse på eit svært tidlig stadium
proton: Eit baryon med ladning +1. Protonet består av to u-kvarkar og ein d-kvark.
protontal: Symbol: Z Antal protoner i ei kjerne.
protostjerne: kuleforma konsentrasjon av gass som utviklar seg til ei
stjerne.
pulsar: himmellekam som sender ut radiopulsar med kort og
konstant periode.
påtrykt frekvens: frekvens når svingningane er haldne i gang av ei ytre periodisk kraft. Jf egenfrekvens.
radioaktivitet: spontan ustråling av alfa- beta- eller gamma-stråler som resultat av decay.
referansesystem: koordinatsystem som posisjon og fart blir målt i
forhold til.
refleksjonsvinkel: vinkelen mellom innfallsloddet og den reflekterte strålen.
relativ bevegelse: bevegelse i forhold til et referansesystem.
resistans (motstand): Symbol: R, enhet Ω. Forholdet mellom spenningen over ein komponent og straumen
gjennom komponenten. R = U/I.
resistivitet: Symbol ρ, Enhet Ω m. Stoffegenskap. Resistiviteten av stoffet i ein jamtjukk ledar
med resistans R, lengde l og tverrsnitt A er r = R A / l.
resultantkraft: tenkt kraft som har samme virkning som dei verkelege kreftene har til saman.
resultantresistans: Resistans i ein tenkt motstand som har same virkning som dei verkeleg motstandane har til
saman.
rød kjempe: stjerne med lav overflatetemperatur og stor
diameter i forhold til sola.
satelitt: kunstig eller naturlig himmellekam som kretsar rundt ei
planet.
sentripetalakselerasjon: akselerasjon inn mot sentrum i ein
krum bane.
sirklingsfart: banefart til ein satelitt som går i ein
sirkelforma bane.
smeltevarme: varme som trengs for å smelta ein fast gjenstand.
smelting: faseovergang frå fast stoff til væske.
spektrallinje: linje som representerer ei bestemt bølgelengde (ein bestemt frekvens) i eit spekter.
spenning: (elektrisk) Symbol U, Enhet V (Volt) Arbeid dividert med ladning som den elektriske krafta utfører på
ein ladning som blir flytta i ein ledar.
spesifikk fordampings- smeltevarme: varme dividert med massen
spesifikk varmekapasitet: varmekapasitet dividert med massen.
spinn: for elementærpartiklar er spinnet ein indre egenskap. Størrelsen spinn er kvantisert og kan ta
heiltallige eller halvtallige verdiar. Jf bosoner og fermioner.
stabil partikkel: partikkel som ikkje gjennomgår decay (sundfall)
sterk kjernekraft: krafta som virkar mellom kvarkar og gluoner. Den byggjer opp hadroner og held kjernen
saman.
stoffkonstant: fysisk størrelse som er karakteristisk for et stoff, td. massetetthet og brytningsindeks
strengteorien: teori som forsøkjer å forena kjernekrefter og elektromagnetiske krefter med
gravitasjonskrefter.
støt: kortvarig kraftberknad mellom to gjenstandar.
supernova:
stjerne som plutselig eksploderer og utstråler enorm effekt i kort tid.
svak kjernekraft: den krafta som er ansvarlig for betadecay og ein del andre decay.
svart hol: gravitasjonsfelt som er så sterkt at sjølv ikkje lys kan
sleppa ut frå det.
svingetid, periode: Symbol T: enhet: s, Tid for ein heil svingning.
svingingar: variasjonar, vibrasjonar,oscillasjonar om ein
likevektstilstand.
system: ein eller fleire gjenstandar som vi studerer.
tau: det tredje lada leptonet med elektrisk ladning -1.
tesla: newton per ampere per meter, enhet for magnetisk flukstetthet.
totalrefleksjon: fullstendig refleksjon av ein stråle mot grenseflata til eit stoff som har mindre brytningsindeks
enn det stoffet strålen går i, når innfallsvinkelen er større enn grensevinkelen.
treghet: den egenskapen ved ein gjenstand at det skal kraft til for å
få han til å endra bevegelsestilstand.
Massen til gjenstanden er eit mål for tregheten.
treghetskraft: fiktiv
kraft som sentrigugalkraft og corioliskraft, som kan innførast som matematisk
hjelpestørrelse i eit akselerert referansesystem.
treghetsloven:
Newtons første lov.
treghetssystem: referansesystem der Newtons andre
lov gjeld.
tritium: hydrogenisotop med ett proton og to nøytroner.
trykk: Symbol: p, Enhet: Pa = N/m2
tunneleffekt: det at ein partikkel kan gå gjennom ein barriere som den
egentlig ikkje har energi nok til å forsera.
tversbølger: bølger der utslaga går på tvers av
forplantnihgsretningen. Jf langsbølger.
tyngde: Symbol: G, Enhet: N. Tiltrekkjingskraft på ein gjenstand frå jorda.
tyngdeakselerasjon: Symbol: g, Enhet m/s2Akselerasjonen til ein gjenstand i fritt fall
tåkekammer: kammer med overmetta damp, der ioniserande stråling blir synlig
ved at det dannar seg væskedropar på dei ionene som strålinga har danna langs
banen sin.
uelastisk støyt: støyt der den totale kinetiske
energien ikkje er bevart.
unnslippingsfart: den farten vi må gi ein
gjenstand for å få han ut av eit gitt gravitasjonsfelt.
utslag, utsving, forskyving:
momentanverdi av eit svinge- eller bølgjeuttrykk. Jf. amplitude.
varme: Symbol: Q. Enhet: J. Energi som blir overført frå ein gjenstand til ein annan på
grunn av temperaturdifferanse
varmefaktor (for varmepumpe): Symbol: f, Forholdet mellom utnyttbar varme Q frå ei varmepumpe og tilført energi W.
f = Q/W
varmeenergi, termisk energi: termodynamisk energi, eller den delen av han som kan omsetjast som varme. Varmeenergien kan
vera både kinetisk energi og potensiell energi hos atom og molekyl i et stoff.
varmekapasitet: Symbol C Enhet J/K. Forholdet mellom tilført varme og auka
temperatur.
virkningsgrad: forholdet mellom energien ein får ut av et system, og energien ein satsar.
W-bosonet og Z-bosonet: kraftformidlarar for den svake kjernekrafta.
ytre kraft: kraft som virkar på eit system frå omgivelsane.
åpent univers: universmodell der gjennomsnittstettheten er så liten at
universet vil fortsetja å utvuda seg i all framtid.