Bentorianerordenen

Av Gunnar Øyro

Eg har tidligare hatt ein forelesning om O-folket og deira opprinnelse. No vil eg gje eit kort men uhyre vidaregåande kurs der eg tar opp ei spesiell og lite omtalt gruppe av O-folket. Disse er lite påakta pågrunn av sin beskjedne natur og nærast asketiske livsførsel. Folkesky og nærmast asosiale levde dei og lever fremdeles i bortgøymde dalar i folketomme fjellstrok. Arbeidssomme og flittige er dei, om enn litt ustrukturerte.

Dette ukjente folket kallar seg for bentorianarordenen. Egentlig er det feil å kalla bentorianarane for ein orden. Uorden passar betre. (Sjå Fandens ordbok. ) Derfor måtte prioren eller ordensvakten setja dei inn i cellene sine når dei skulle arbeida. For å i det heile å kunna kommunisera er det ikkje rart at bentorianarane vart ganske høglytte. Cellene var delt opp i rader som var nummererte frå 1, 2 og oppover. Dei som budde i rad 1 kalte seg derfor 1. bentorianar eller når dei song, og det gjorde dei ofte, kalte dei seg 1. bentor. (for øvrig kalte dei koret sitt for dombentoriet) 2 rad kalte seg ikkje 2 bentor sjølv, men oppfatta seg som 1.tenor. Klosterert hadde altså kun ein prior, som også var kantor, men mange bentorar og tenorar (2 bentorar)

Bentorianarar er veldig flinke i data. I starten dreia det seg mest om ordprosessering, Dei starta som dei fleste munkar i kopieringsbransjen og lagde biblar. Men sidan bentorianarane har ein utprega og original humoristisk sans, kunne dei ikkje dy seg for å forandra litt hist og her i latinen, slik at biblane vart mindre alvorsprega, og meir lettleste. Her var bentorianarane lang forut for si tid, for det er først i våre dagar at såkalte Det beste-biblar har fått eit marked. Men kundane på den tida kjente som regel sin bibelhistorie, og kunne sin latin, og dermed vart markedet for smalt. Klosteret bevega seg derfor over i kornisjen, og kopierte notar for koristar, og som kjent er koristar mindre nøye på latinen.

Her kunne bentorianarane boltra seg i ein ny og original latin som dei hadde arva frå O-folkets kulturdjup. Denne latinen har fått sitt eige navn: Det dreiar seg om spesielle kasus, nemlig casi obscuri som betyr dei mørke kasus, eller nattens kasus. Disse kasus vart kalla så avdi dei vart mest brukt om kvelden og natta- under heilt spesielle omstendigheter nemlig på O-folkets festar og orgier. For å friska opp i barnelærdommen, så har altså vanlig latin alle dei kasus som vi kjenner frå tysk nemlig nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. I tillegg har den to kasus som heiter vokativ og ablativ. Vokativ vart brukt i tiltale og utrop som feks: et tu mi fili Brute!, dvs "et du fila mi Brutus?" Ablativ eller blablativ vart brukt av datidens byråkratar.

Griskasusa er knytta til dei fasane ein tradisjonell O-fest går gjennom, og kvart kasus har her sin spesielle bruk: 

Sjølv om bruken av grisekasus er gått ut av tradisjonell latin er denne tradisjonen bevart heilt opp i våre dagar gjennom bentorianarane sitt avskrivingsbyrå. Dei har også gitt betydelege bidrag til ordtilfanget. Derfor kan vi, som dei oppmersomme koristane vi er, gjenkjenna masse ordspel og direkte griseprat i messene. Eksempelvis kan vi nevna eit uttrykk som er ein direkte avskrift frå ein dovegg på klosteret, nemlig "Teste David? Cum Sibylla!". Det fins sterkare bentorianske setningar, men min naturlige blygsel forbyr meg å nevna dei. Ikkje uvanlig for munkar på den tida så formeira bentorianarane seg ved celledeling, og denne Sibylla var nok ei nonne som budde i naboklosteret.

Bentorianarane elska å fletta sin egne navn inn i liturgien, slik vi finn det i uttrykket Et vitam, Bentori. Dette har også sneke seg inn i operalitteraturen som for eksempel: Bentora Terror! På denne måten gjorde dei udødelige navn som Simon Ladoratur og Per Prophetas. Likeeins vil vi for alltid huska dei finske navna Pecca Torum og Pecca Tamundi. Det fins også ref til fleire damer feks. Donna Nobis Pacem, Vivi Ficantem og Judi Care Sistnevnte må vera i slekt med John Carew (som forøvrig uttalast Keru.) Og la oss heller ikkje gløyma ho Sanna in Excelsis frå Ballangen. Der var mange søskenpar mellom bentorianarane. Vi kjenner alle til dei mange refetransane til Kyrre Eliassen og broren Krister, Også velkjende er søstrene Agnes og Gloria Dei. Litt mindre kjent er den bentorianaren som kallar seg Quam Olim Abrahae. Han heitte egentlig Ole Abraham Quam, og var den første kvemming, dvs. han som grunnla kommunen Kvam. Han hadde også ein bror nemlig Tom Quam Reus, Tom seinare konge av Kvam. Der var også andre kongelige,som feks kong Substantialem Patri, men i det store og heile var bentorianerordenen prega av likhet og ein sosial stabilitet som var tufta på humor. Vi har derfor mykje å læra om disse nøysomme menneskja, og muligens vil eg komma tilbake til dei i eit hovedfagsemne.