M.V. MOZATT

(Mollsang Vademecus Mozatt)

- ateistisk og heterofil dekomponist, og professor i eksperimentell kvantemusikk. 

Motzatt vart fødd som ein homofil kristen, men etter ei celledeling med ein munk som var det same, vart han omvendt av munken, med andre ord motsatt av munken, dvs. heterofil ateist.  Musikalsk var Mozatt det motsatte av Mozart, som, motsatt av Mozatt, ikkje vart omvendt, men var rettvendt heile sitt liv, altså heilt omvendt av munken som omvende Mozatt. 

Mozart og Mozatt vart danna som eit sk. komponist-antikomponist-par. akkurat som eit partikkel-antipartikkel par har motsatte kvantetal har komponist-antikomponist-par motsette kvantemusikk-tal. Mozatt var musikalsk heilt motsatt av Mozart på alle måtar, feks var Mozart musikalsk, medan Mozatt var nesten like tonedøv som Giovanni Oro. Når Mozart komponerte, så dekomponerte Mozatt. Han dekomponerte feks. Mozarts Requiem i sine enkelte deler. Resultatet vart 1742368 C-ar, 2578562 f-ar osv. No er det mange måtar å dekomponera på, men resultatet vert alltid ein antiopera. Dekomposisjonen av Figaros bryllup vart selvfølgelig antioperaen Figaros Skilsmisse, osv. 

Mozat sin far hata musikk. Då han var fire år og hadde øydelagt heile partituret til Operaen "Il Grande Fiasco della Opera di Oslo" av den norske komponisten Guttolf Fløtten, kom faren uforvarande på han og oppdaga dette. Han utbraut glad: "Ja men du har jo virkelig dekomponert en opera!) Etter dette vart Mozatt ein ihuga dekomponist. Men Mozatt var hverken den første eller den siste dekomponist. Mange reknar den berykta komponisten Giovanni Oro, som den første dekomponist. Av dei meir kjente i nyare tid kan nevnast John Cage, som har dreve dekomposisjonen til det perfekte med sin "4 minutt og 33 sekund". Dette er eit verk i tre satser for klaver der det overhode ikkje bli spelt noko som helst. Selvfølgelig er det bare dei aller dyktigaste pianistane som kan sitja å ikkje spela slik antimusikk. Meir dekomponert enn dette kan det jo ikkje bli, men egentlig er det heile ein gigantisk (egentlig minimalt) plagiat av Giovanni Oro sitt oratorium 6 timar og 42 minutt som er stumt. Det er laga for eit kor på 300 stemmer og 250-manns orkester inkludert Wagnertrompetar, Orofagottar og Stalinorgel. På grunn av størrelsen er dette verket lite oppført. Cage sin versjon er jo mykje enklare. Av dette kan vi forstå at det ikkje går an å dekomponera eit antimusikkstykke, men det både kan og bør komponerast. Antimusikk som 4'33' er det samme som ukomponert musikk som ventar på å bli komponert. 4'33'' manglar alt og treng seriøst mykje komposisjon, medan andre verk treng kanskje bare mindre komposisjon.

Verk i utvalg:

Det seier seg sjøv at ingen dekomponistar med respekt for seg sjølv har eit einaste verk. Det næraste Mozatt kjem er hans sk. "nullte" symfoni, også kalt den upåbegynte, som han, i eit feberanfall meinte han skulle laga straks han vart frisk. Straks han vart frisk la ha selvfølgelig dette prosjektet i skuffa.