(Read carefully, we shall write this only once!)
Som alle større organisasjonar har Bergen operakor
ei rekkje underavdelingar, datterorganisasjonar etc.
Vi kan svakt nevna: "2. tenorar uten g(r)enser" ,
"grupperingen for høyfrekvente tenorar", samt ikkje minst firmaet
VoizTech
som spring ut frå den kultiverte delen av koret (dvs. bassrekkja, også kalt tipperekkja).
Det som kanskje er mindre kjent, (iallfall er det meininga) er at koret også har et
Skyggestyre. Dette kom i stand fordi koret tradisjonelt har et
heller slapsete og tafatt styre. (ikkje mine ord...)
Skyggestyret vart truleg konstituert på eit hemmelig møte ein stad på vestlandet,
ein kveld før 2000.
Vi kan desverre ikkje røpa kven som er leiar.
Ho vil nemlig vera anonym, og det respekterer vi fullt ut.
Vi har derfor valgt ein skyggeleiar, som etter alt å døma er
Fredrik.
Han skal representera skyggestyret utad og har følgelig taleforbud.
Sekretær og skrivar med påholden fjørpenn er høgst sannsynlig Broder Åge
(Kark), og underteikna er sikkert direktør for propagandaministeriet.
Der fins også muligens eit etterretningsorgan utan at det kan bekreftast.
Ellers er det mange ledige stillingar for dei som er oppfinnsomme.
Vi oppmodar alle om å senda inn CV.
Skyggestyret vil i pausen på kvar øvelse, etter at styret har sagt sitt,
ofte koma med korrigerande informasjon, som også, etterkvart kan bli lagt ut
her (og der) med ujamne mellomrom.
Meldingar (arkiv)
No som Opera Bergen er i ferd med å gå over i historien, ser vi absolutt nødvendigheten av
å oppretta ein ny organisasjon som kan ta opp arven. Vi har derfor oppretta ein
ny organisasjon under navnet Opera Dvergen. Formålet for OD er uttrykt i et
blomstrande språk i ein fargerik trykksak. Eg siterer "Formålet med OD er å opp- og
framføre den underskog av operaer som faller mellom alle mulige stoler, og som skriker etter å
bli fisket opp av de opprørte vanns klare dyp". Som dåke forstår vil dette er først og fremst
vera verk i Opera Buffa genren.
Første produksjon vil bli ein urframføring den eminente operaen "I Messageri"
av den berømte komponisten Giovanni Oro.
Skyggestyret i Bergen Operakor har oppretta eit internt kor, eller et skyggekor
om ein vil, som kan bistå Opera Dvergen med sine framføringar.
Dette koret har fått navnet Bergen Parodikor.
Til styre i Bergen Parodikor har vi då demokratisk valgt skyggestyret
i Bergen Operakor. Det er mulig at det er litt forvirrande at korets skyggestyre er
identisk med skyggekorets styre, men slik er det bare med den saken.
Styret har enno ikkje konstituert seg, så det er
mulig det blir litt rokeringar.
Vi søkjer etter kunstnerisk ledar for Bergen Parodikor.
Denne vil få tittelen "korinstruktator" og bli plassert i
lønnstrinn 360 i korstigen (Det betyr ulønna, men aller øverst blandt dei ulønna)
Tilslutt ein litt pinlig sak:
Vi har fått ein mengde søknader om
stilling som KORPULENT. Dette er ein gedigen
misforståelse. Det FINS INGEN slik stilling,
og hvis det HADDE, så ville ikkje den blitt
lyst ut eksternt. Det skulle då vera nok av
kvalifiserte pesonar innan skyggestyret."
Gi mannen en (stav)lykt!
Etter at formannen i skygge-skyggestyret, dvs. formannen i Bergen
Operakor, begynte å
grava seg ner i den Platonske skyggeproblematikken, fann skyggestyret
det nødvendig å komma med følgande bulletin:
Er det vi ser verkelig eller bare skygger?
Slikt er vanskelig å forstå når ein sit inne i sitt
(åndelige) mørke.
Til dette har eg to kommentarar.
1) Platon hadde ikkje lommelykt
2) Ein skygge kan ikkje kasta skygge
Dette gir oss løysinga på problemet.
Hvis ein er i tvil må ein altså kasta (åndelig) lys
over den antatte skyggen, og den vil enten
A) forsvinna - og dermed vera ein reell skygge, eller
B) kasta sin egen skygge - og dermed vera ein virtuell
skygge, eller om ein vil, ein realitet.
Vårt tilfelle fell under kategori B.
Eksistensen av et skygge-skyggestyre viser at
skyggestyret er ein realitet, og dermed er styret eit
skyggestyre.
Når lyset byrjar å gå opp for formannen, ser han
derfor at han er havna i vår skygge, noko VI
har visst lenge, men for han vil dette vera tungt.
Det er derfor med stor motvilje eg
kjem med disse opplysningar.
På vegne av propaganda ministeriet:
Gunnar Øyro (usign.)