Lynkurs i dekomposisjon
Det er mange som spør om kva det vil seia å dekomponera. For å komma disse i møte har vi laga eit lite kurs.
Å dekomponera eit verk er det motsette av å komponera eit verk. Når du
komponerer startar du med to tomme hender, og ender opp med feks. Ja vi elsker.
Når du dekomponerer startar du med eit verk, feks. Ja vi elsker (+ masse
blanco) og ender opp med noko som ikkje er musikk, men støy, bråk eller av og
til ingenting. Dette kallast med eit samlebegrep for antimusikk, eller i mange
høve også for ny musikk. (Sjå SAMTIDMUSIKALSK LEKSIKON)
Kort fortald er dekomponering alle mulige måtar å ha det gøy med et musikkstykke, bortsett frå akkurat den som
komponisten hadde i tankane. Det kan du gjera på mange måtar, og nedanfor har vi lista opp dei vanligaste.
Kjente dekomponistar:
Den første og mest ihuga dekomponist var Mollsang Vademecus
Mozatt. Han hata musikk. (noko han hadde etter faren) og gjorde det til si
livsoppgåve å øydeleggja mest mulig. Ein annan dekomponist var Giovanni
Oro, men det han dekomponerte var meir av vanvare enn med forsett. Mellom
andre kjente dekomponistar kan vi nevna polakken Zoltan Ptverka, ungaren
Zabo Tasche, italienaren Guiseppe Reversi, tyskarene Max Retro
og Gustav Relam, samt ikkje minst Johann Sebastian Bach. Vi må heller
ikkje gløyma vår egen Sjur Radbrekke
som har dekomponert det som er å dekomponera av norske folkeviser og nasjonalromanrisk
musikk (Grieg, Halvorsen osv).
Metode 1: Fjerning av notar
Puristane insisterar på å bare fjerna ein note, helst den siste noten, men det er vanligare
å fjerna den siste noten i kvar frase. Litt meir subtilt kanskje, er å fjerna dei
elementa som er mest karakteristiske eller nødvendige for verket, for eksempel:
"Jeg tok
min ... ... i hende. .... gikk meg på ... topp!. Tenkte på ... om de skulle
... å by... følede ... blev glad i min ... og grep til min .... med legende hånd."
Totalistane derimot fjernar alt. Eksempel på dette er Cage, som i sin tid
dekomponerte ... Resultatet vart verket ”4min og 38 sek”, eit klaverstykke
utan ein einaste note. (Dette er sant!) Dette var egentlig eit plagiat at eit mykje større verk,
nemlig ”6 timar og 42 minutt.” av Giovanni Oro (sd.) som er ein dekomposisjon av
heile Wagners ”Ringen”. Dette er jo ikkje bare eit mykje større
arbeid, (fort gjort å fjerna fire og et halvt minutt med musikk) men det er også eit uendelig mykje viktigare
arbeid, noko alle som har forsøkt å høyra ringen, vil vera enige i. 6
timar og 42 min er eit eksempel på såkalt virtuell
opera.
Det geniale med denne typen for dekomponering, er at verket jo aldri blir
framført, slik at det vil for alltid vera sk. ”ny musikk” (sd.) Dei aller
fleste verka innan ”samtidmusikk” eller ”ny musikk” vil jo før eller
seinare bli framført (det fins nok av særingar i verda), og når først skaden
er skjedd, er jo musikken pr. def gammal. Einaste måten å hindra at verket
blir gammalt er då å gjera det uframførbart. Merk at slike uframførbare verk
ikkje er oppført i musikalske leksika med datoen for si urframføring, men med
datoen for sin første uframføring.
Metode 2 endra notar
Dette er den sk. Bentorianer-tradisjonen, som medlemmer av bentorianar-ordenen (sd.)
brukte flittig. Denne tradisjonen har mange greiner:
-
Ein
godarta versjon av dette er transkribsjon, dvs
flytta alle notar opp ned, noko som egentlig er det same (men mindre arbeid)
som å
endra toneart.
-
Ein
kan også endra notelengde, endra styrkegrader og andre noteringar.
Dette kallast tolking. Sjå meir om dette nedanfor.
-
Random
forandring: her er det mange metodar. Mykje nytta er den såkalte Bokstavkjeksteknikken.
Ein annan måte er å å skyta notane med hagle. (sjå Aukrust,
Kjell)
- Syklisk
permutasjon. Det betyr i realiteten bare å starta ein stad midt i, for så
å spela starten etter på. Dei fleste syns denne formen for dekomposisjon,
ikkje fortener navnet.
- undergruppe:
sortera alle notane for seg. Mozarts ”Tryllefløyten” har Mozatt
dekomponert til verket ”tussefløyten” det består av 25346 c-ar først,
så 34367 d-ar osv. Til slutt kjem tre hundre og femten taktar pause.
- Ein
spesiell versjon av sorteringsmetoden er å spela alle notane samtidig.
Då blir det sk. samtidsmusikk (sd.)
- Før
i tida var det vanlig å spela eit verket baklengs (speilvendt) eller
oppned. Ein framragande dekomponist innan denne genren er den danske
dekomponisten Victor Borge. Somme komponistar, som td. Bach, har forsøkt å
forsvara seg mot dette ved å laga verk som er symmetriske både på
tidsaksen og noteaksen, men det fins jo som nevnt andre metodar...
- Den
vanligaste formen for ombytting er likevel å erstatta notar etter smak.
Slik vart td. Sæverud sin kjempeviseslått til. Den er ein dekomposisjon av
Messias.
Metode
4a å putta inn andre notar.
- Her
kan ein td. putta inn ein g mellom kvar original note. Dette blir då eit
slags musikalsk kråkespråk. (Mange musikklærarar bruker denne metoden, når dei
rettar elevane sine arbeid.)
- Ein
kan også putta inn pausar i musikken. Dette kallast tolking, og er veldig
vanlig blant dirigentar og solistar. For
øvrig er det denne forfattars meining at det er forbaska
udemokratisk at ikkje menige kor-og orkesterslavar også kan gjera dette.
- Ein
veldig vanlig versjon av sistnevnte er å putta inn ein pause på 10 min før
konserten, dvs. forsinka verket. Tradisjonelt er det bare solistar og
dirigentar som har lov til dette, men her kan også andre prøva seg. (dei
vil som regel ikkje gjera det fleire gonger..) Dei fleste seriøse utøvarar
vil som regel ikkje gå med på å kalla dette for dekomposisjon, men å
forskyva framføringen andre veien er definitivt dekomp.!
Metode 4b blanda ut verket med andre verk.
Denne
metoden går ut på å blanda verket 1 : 1000 med eit nøytralt (inkjevettes)
verk som feks Ja vi elsker, og gjenta dette
med resultatet osv. Når du har gjort det mange nok gonger er det tilnærma
ingenting igjen av
originalens substans, men utøvarane hevdar at strukturen blir igjen.