L'albo d'Oro

  • Engelsk versjon 

  • Giovanni Oro (1742-1829)

  •  underkjent komponist og misforstått geni frå Pisa. (Født i Indifferenze)

  • Komponisten til operaen  I messageri

  • Giovanni Oro vart fødd i Pisa i 1742 som son av Leopold Fernando Oro , ein urmakar og oppfinnar frå Indifferenze og Gertrud Nichsdorf von Hübelmayer , dotter av ein berømt ostefabrikant i Nieder-Sachsen.

 Giovanni var ein av åtte søsken, men to av systrene vart tidlig bortgifta til ein indisk maharajah, og tre av brødrene fekk sementsko og vart senka ned på botnen av den lokale fontene av byens Mafia fordi dei hadde klipt hol i borgarmeisterens buksebak. Giovanni og dei sju gjenværande (Det hadde kome fleire barn i mellomtida) måtte tidlig ut og livnæra seg sjølve. Det gjorde dei ved sang. Heile søskenflokken på ti danna eit lite kor som stod på torget og sang. Familien eigde ei lita idyllisk øy i Gardasjøen, og det vart øvingsstaden deira. Etterkvart danna dei eit jentekor på seks og eit gutekor på ni. Sidan det var så mange hengebjørker på øya kalla søstrene seg for søstrene Bjørklund, og gutane kalla seg for brødrene Bjørkøy. Ingen av jentene heldt fram med sangen. Alle elleve vart gift og vart respekterte borgarar av Pisa.

Dei 13 brødrene derimot førte eit omflakkande liv. Ein periode jobba dei som kirkesangarar i det sixtinske kapell, men då paven ville kastrera dei stakk dei av. (Kun to vart igjen, og dei vart seinare biskopar av Ulm og Canterbury) Dei andre 11 (Det var dette året mora døydde) danna eit profesjonelt fotball-lag i Torino, men sidan det på den tida ikkje fanst andre lag, gjekk det heller dårlig. Giovanni reiste derfor heim til Pisa der han byrja studera fysikk.

For å finansiera studiane tok han jobb som motvekt i det skeive tårn. Han vart dermed ein av ei rad berømte italienske tårnsitjarar. Ein av dei mest berømte var Leonardo da Vinsji som oppfant heisen mens han sat i tårnet. Denne jobben innebar mykje stillesitjande arbeid, og han fekk derfor god tid til sine mange hobbyar. Han var ein av Italias beste nuperellistar, (Italiensk mester i nuperelle uten tilløp 1766 og 1768), samla på tyggisbilder av engelske fotballspelarar, han komponerte opera, og sist men ikkje minst han designa jojoar med 50m snøre. Dette gav støytet til (bokstavelig talt) mykje interessant grunnforsking på hjerneskallens styrke, tyngdekrafta etc. I denne perioden hadde Oro liten bakkekontakt, men beskjeftiga seg med metafysikk og filosofi.

Etter studiane tok han jobb som gymnstikklærar. Då traff han Madonna di Campiglio som han seinare gifta seg med. Men det var komponist Giovanni ville vera. Derfor måtte Madonna ta seg arbeid medan Giovanni sat heime og komponerte. Det er likevel hans tidlige verk som blir rekna som hans beste. Oro levde eit fredelig liv i Pisa og døydde som ein lukkelig,dvs. fullstendig senil, mann i 1829.

Giovvanni Oros musikalske liv:

Den første operaen Giovanni laga var Å bo heme. Den handlar om korleis det er å bu på eit lite loftsrom heime. La triviata vart også laga i denne perioden. Når Oro så omsider flytta heimefrå, sleppte han seg meir laus: As I like it, Don Pervos, Kramer , Vampyrien, Elskovstrikken og Dildo og Onanias kom som perler på ei snor. Oro heldt i studietida saman med uteliggjarar og døgeniktar, og laga Torandré, The Fleeing Dodgem, Trubadurix, La Randine og Kvantespranget (ein kvantemusikalsk opera). Etter å ha kome seg på fast grunn igjen, (i den grad slikt fins i Pisa) laga han den mest berømte operaen I Messageri. Inspirert av sin tilkommande skreiv han Lucia Lammelåår, og etter at Oro vart gift kom Jeg er bruden. Då Madonna vart gravid første gang laga han La Donna Immobile. Etter at det femte barnet var arrivert kom så Vaskebalje, seinare også Madame Butterdeig. På sine eldre dagar vart Oro ganske morsom. Då produserte han den sjølvbiografiske Barberen er senil ja, og oppfølgaren -Auda! Den mest siterte, men aldri spelte operaen er - "Av same navn" basert på boka av same navn dvs. "av same navn" av den italienske forfattaren Libretto.

Verk i utvalg.

  • Symfonier: Nr. 6 i Ass-dur "Erotica"
  • Fagott sei dank. Konsert for bladlaus fagott.
  • Fagott For Denne Verden. Konsert for hundreogtrehendig fagott. (Oro-fagotten)
  • Vier Ernste Gesangen (Fire sanger til Ernst)
  • Ungkarske sanger
  • 6 timar og 42 minutt. Stumt oratorium for 300-stemmers kor og 150-manns orkester (Sjå dekomposisjon)
  • Sonate for cembalo, fiolin og gambier, 
  • Die fugemasse.
  • Orgel: seks sonater, to toccataer, ein peccata mundi, 
  • A Christmas Coral.
  • Kyrkjemusikk: "Mass for a massmurderer", "An english mess",
  • Ballett: "Svaneknekkeren"