Giovanni Oro hara laga to verk for fagott og orkester, nemlig Fagott Sei Dank og Fagott
For Denne Verden.
Fagott Sei Dank
Fagotten er underkjent som rytmeinstrument. Dette kan ein slå fast
ved å td. høyra Mozarts konsert for fagott og orkester i B-dur. (KV 191)
Dette visste Giovanni Oro då han komponerte Fagott sei dank. Her kjem fagotten meir
til sin rett ved å fjerna bladet (ta bladet frå munnen) slik at bare ventilklapring og kvesing kan høyrast. Også i orkesteret har munnstykker, blad og strenger blitt fjerna slik at dette er eit reint rytmisk verk. (også kalla hovudverk) Underlig nok er partituret fullt av notar, men dei kan altså ikkje høyrast. Det har derfor ein gong vorte prøvd framført MED strenger
og blad osv, men ein fann raskt ut at det egnar seg betre uten.Fagott For
Denne Verden.
Til dette verket kontruerte Oro den berømte Orofagotten. Et instrument i
klasse med Wagnertrompeten, Viggofonen, Sekkepipa og Stalin-orgelet
Den er seksten meter lang og ein halv meter i diameter, og har 753 klaffer styrt av et sinnrikt snor- og hendelsystem. Eit kontinuerlig lufttrykk på 120 bar som blir opprettholdt av 8 store pedaldrevne belgar, syter for eit lydtrykk på 700 desibel. Fagotten har et register som spenner over 23 oktaver, frå dei djupaste uhøyrlege, men sterkt følbare svingningar på 2hz til (fremdeles uhøyrlege) tonar på 240 MHz. Instrumentet skal trakterast av 80 fagottistar og
23 teknikarar. (8 som trør, og 15 som driv vedlikehald og forefallande arbeid
etter tariff.) Denne fagotten vart bare laga i ett eksemplar, av naturlige grunnar. Pågrunn av vanskelege speleforhold, sette den lokale fagottforeningen omgåande i verk omfattande spel-sakte aksjonar, spel-falskt aksjonar og liknande, men til liten nytte. (ingen la merke til
det, spesielt ikkje komponisten)
Konserten vart gjennomført som ein utekonsert i Bologna, og etter sigande skal tårnet i Piza ha blitt 0.3 grader skeivare etter dette. Seinare har konserten kun vore opppført ein gong. Det var i
Bulkjen Brass- og Bedehus som ein framleis kan sjå ruinane av. Naturlig nok fatta det italienske kavalleriet interesse for Orofagotten, men den viste seg å vera umulig å bruka i strid pga. stor lydspredning. Etter ein
omflakkande tilværelse som bla. totempæl i Alaska, utriggar-båt i polynesia og klatrestativ i
Christinegården Barnehage, befinn Orofagotten seg no på Oromuséet i Piza, forsvarlig
låst, plombert og bevokta. Konserten har heller aldri sidan vore oppført.