I messageri ( the mess of the messengers )
Opera i 13 kjappe akter for ein
alt, to tenorar, 57 barytonar, og eit enormt damekor i alderen 16 til 21 av
Giovanni Oro .
Urframført i 2000 av Opera Dvergen.
I messageri markerer høgdepunktet i Giovanni Oro sin produksjon, for sjølv om den ikkje er direkte kjent,
så er den indirekte ettersom dei fleste komponistar har stole uhemma frå dette stykket.
Emsempelvis er den kjente «Vengo» arien i «La Boheme» teke frå «I messageri». Det same er
tilfelle med ei rad kjente messageri parti i Verdi’s verk, td. «Pro Macbetto». Verdi har
også kvarta mange av sine berømte «Allarmi» parti frå «I messageri».
Rollar:
- Gudmund Edmundo Hernesi, Ypperste-sendebud, Tenor
- Opsetto, sjef for «The information highway», Bass-baryton
- Makadam-timtim, Opsettos nestsjef og veibyggjar, Tenor-Baryron
- Kjell Inge (Cielo) Røkke, Bare Baryton
- Bjørn Rune Gjelsten, Tenor-baryton
- Ole Brum, Stum-Baryton.
- Aida, Sopran-baryton
- Siri La Reva, Dronningen av CyberWorld, Sopran-Alt
- Leon Otello, Tenor-baryton.
- Hans kone Evviva Otello og hans mor Trattoria Otello
- Døtrene Gloria, Vittoria og Alloria Otello
- Ove Macbeth, baryton.
Synopsis:
1.akt.
Ein forstad utanfor InterPolis (InterCity) Cyber-politiet har bestemt at heimesida til
Billy Bong må slettast for å gjera plass til den nye Inter-galaktiske Information Highway.
Fortvila prøver BB å hindra dette, men må gje tapt. I staden drar han ut på surfetur i sin
nye Ultra- Hyper Meta surfar.
2 akt.
Slottet. Den årlige kunngjering frå dronning La Revva på Maria budskapsdag. Her har ho
samla alt som kan krypa og gå av sine lojale bodberarar. Bodskapet i år er at det skal
byggjast ein ny information highway under kontroll av Opsetto. Hans motto er at
alle veier fører til Førde, og derfor skal Førde vera senter for Cyber-politiet som skal
overvaka nett-trafikken og kontrollera meiningsutvekslinga i Cyber-space. Desse nyhetene utløyser store ovasjonar frå dei frammøtte.
La Reva arie: «Kom, medianter, informanter, konformanter og servanter! Kom, meditanter,
debattanter, dillettanter og drabanter!» Nå skal makten igjen forenes og forbrødres, så
skal jakten på vår fiende ta til. (Kor) Vi er eliten, er eliten, det er vi. Vi vil ha
makten vil ha makten, det vil vi. (LR: Jeg Er Eliten, Jeg Har Makten, I Evighet)
-Hvorfor være stor når alle tror man er eliten?.
3. akt.
Dagen etter Maria Budskapsdag. Dei to store nett-avisene har føgjande overskrifter:
«Endelig orden i Cyber-space» (Daily Cyber World) og Slutt på Cyber-anarkiet»
(Cyber World Daily). Etter å ha lest dette bestemmer BB for å bekjempa La Reva og hennar
følgjesveinar med alle midlar.
4. akt.
På ein restaurant i Paris. Restauranten er eigd av restaurantkongen Leon Otello. Han er
ledar for Otello-restaurantforeningen i Paris og ein mektig mann. BB og hans kumpanar
klarar å organisera motstand i nettet. Filer blir kryptert (koda) slika La Reva ikkje
klarar å lesa dei. Glade dagar for BB & Co. Sang og dans.
BB: Listen carefully, I shall sing this only once- arien.
5. Akt.
Det vart ikkje så lett å rydda opp i cyberspace som ein hadde tenkt.
La Reva kallar in Hernesi, Opsetto og MacAdam - Timtim for å finna mottrekk. Alle får så
øyrene flagrar av La Revva.
6 Akt.
Etter 100 dagars pause har sjefen for tenke-direktoratet, Gudmundo Hernesi bestemt at alle innbyggjarane i IS skal få sitt eget PC-implantat direkte tilknytta nettet. Alle kan derfor lett henta ned offentlig informasjon. Dette blir presentert på ein virtuell pressekonferanse med inviterte journalistar.
Hernesi arien:Gudmundo Hernesi, hva vil nu vel det si.Er det noe spesi - med det?»
Slik spørger de tåper som står der og måper, og håper å få noe med - av svaret som
følger derpå: “Jeg er”, er mitt navn - er mitt bud - er De med? Og mitt navn bærer
bud om mitt gavn, ser De det? Slik at Jeg bærer bud fra min gud. For i begynnelsen
var Ordet og Ordet det var Gud, og det Ordet det tok Jeg ham på - slik at gud forsvant
og Ordet det vant, og konklusjonen er som så: Nå er Ordet mitt, og mitt Ord er lov, så
lytt til mitt Ord: Det er Meg (ikke sant?) Kor: Nå er ordet Hans, og Hans ord er lov, så
lytt til Hans ord: Det er Ham, så sant!
7. Akt.
BB klarar å skaffa seg informasjon om implantatet og oppdagar at det inneheld ein modul
for tankeovervåking med direkte linje til tanke-direktoratet. BB tar igjen kontakt med
sine medsamansvorne for å organisera motstand. Denne gongen virkar taktikken. Fleire og
fleire blir teke til fange og får operert inn modulen. Dette virkar som elektronisk
lobotomi.
8. Akt.
Heile (?) Cyber-verden er no under kontroll av tanke-direktoratet. Det er tilsynelatande
fryd og glede. All opposisjon er knust. Ettparti-staten er innført, og stortinget er blitt
parkeringshus. A4 familien er blitt ein realitet. Alle jobbar 8 - 16, så reiser dei i
barnehage , et frionor fiskepannettar kl. 17.00 Ungane ser barne-TV kl 18.00 og legg seg
pyntelig klokka 18.30. Foreldrene ser dagsrevyen + enten jeopardy eller sporten + X-files.
Legg seg klokka 22.00 for å vera opplagde til kontorjobben sin.
9. -11. akt.
Det skjer lite i disse aktene. Folk er kjedelige og flinke. All kunst er borte. Ingen
skriv lenger, ingen komponerer, ingen lagar plater, teater eller maleri.
12. Akt.
Men nede i ein liten Galler-landsby er det fremdeles folk som yter motstand. Byen er
ikkje tilkobla internett, og har ikkje TV. Dei lagar sjølv det som trengs. Byen har sin
egen operagruppe som driv uten offentlig tilskot. Her har BB funne ein skjulestad, og er
med i operakoret. Saman legg dei skumle planar....
13. Akt.
På den nye operaen som no er blitt TV-hus. La Revva skal feira sin 30 års-jubileum som
dronning. Alle er invitert. Underhaldningen står .... for. Det skal vera morrisdancing,
Debatt 21 osv. Dei fleste gjestene er frå pressekorpset, TV og kjendisar.BB greier å kle
seg ut som herolden og annonserer sine opera-venner ein etter ein. Disse kjem med
forskjellige bud og meldingar som gjer La Revva litt forvirra. Etter ei stund fattar
Hernesi mistanke, men då er alt for seint. All motstridande informasjon fører til
systemkrasj i tankedirektoratets sentralmaskin. Sangen ressonerer med ein krets i
tankeimplantatet. Det fører til at det smeltar. Folket vaknar opp igjen og Cyber-world
er fri. 13 akt avsluttar med ein heidundrande fest med villsvinsteik og allsang
(utanom Trubadurix som sit knebla bak eit tre).