Torandré

Fotballopera i to omganger av Giovanni Oro .

Versjon I

Oro vart beden om å fullføra Puccini's "Turandot", men kunne ikkje dy seg for å gjera "mindre tilpassingar", som han kalla det, lenger framme. I denne versjone er derfor Calaf, Turandot og Liù deltakarar i Jeopardy. Cam Ping, Tam Pong og Do Ping - japanske turistar Han putta også inn ein del nye arier, td.: "Liù are the sunshine of my life" og "Knowing me, knowing Liù. (Aha)" Alan Partridge

Versjon II

Versjon I vart, som forståeleg er, refusert. Som hevn gjekk Oro derfor i gang med ein større ombygging av heile operaen. Denne versjonen vart kalla "Torandré" - ein fotball-opera i to omgangar. Hovedpersonar er Karl-Leif, Torandre og Flo.

Her sluttar ein kvar likhet med originalen: Her er Ping Pong og Pang td. blitt til: Leif-Karl, Per-Leif, Leif-Per, Per-Karl og Karl-Per. - Karl-Leif sine søskenbarn på farsida. (Brødrene Leif, Karl og Per har kvar fått to søner, begge oppkalla etter begge onklane) Karl-Leif spelar i amatør-fotballaget Moldsteinhødd, medan Torandré er proff-spelar. Begge er forelska i den vakre Flo.

Avsporing1:

Karl_leif har også mange søskenbarn på morsida som også er med på fotball-laget. Disse heiter Karl-Johan, Leif-Johan, Johan-Johan og omvendt. (Petter-Karl osv.) Tilsaman blir dette akkurat 11 stk. i og med at Johan-Johan er den same! Ein ser fort at her må det ha vore eindel innavl. Rimeligvis er dette laget veldig opptatt av formasjonar: Alle Johan er indreløparar, Alle Karl er backar, mens alle Per er i angrep.

Dette skulle gi følgande lagoppstilling:
mål: Johan-Johan
backrekke: Karl-Leif, Karl-Johan, Johan-Karl, Leif-Karl
midtbane: Leif-Johan, Johan-Leif
angrep: Per-Leif, Per-Johan, Johan-Per, Leif-Per
(Legg merke til at vi har symmetri både om midtbanen og sentrallinja.)

Avsporing2

Inspirert av lagoppstillingen til Moldsteinhødd er fotballoperaen sterkt symmetrisk. I andre omgang skjer alt som skjedde i første, bare baklengs. I synopsis er derfor vanligvis bare første omgang beskriven. Faktisk står det bare "og omvendt" i partituret, og dette har vorte tolka på forskjellig vis. Nokre dirigentar tar dette heilt bokstavelig og forlangar at musikken også skal spelast baklengs, ja dei mest fanatiske skal også ha teksten baklengs. Truleg er dette meir enn sjølv Oro kan ha kome på, men musikken i seg sjølv er etter dei fleste musikk-kritikarar si meining "like god baklengs som forlengs". Når det gjeld handlingen har det vore stor debatt om korvidt Torandré sin briljante scoring i første omgang skal "avscorast" i andre slik at resultatet blir 0-0, eller om det skal gjerast i reprise slik at det blir 2-0. Reine symmetri-tilhengjarar vil ha det første varianten, sidan 2-0 er eit usymmetrisk resultat. Men denne har ikkje kunna spelast live før vi fekk elektroniske media. Det er no blitt vanlig å spela scoringa baklengs på storskjerm i andre akt. Dermed så må også scoringa i første spelast framlengs på storskjerm for å få skikkelig symmetri. Symmetri-regi- fanatikarar insisterer på at heile andre akt må spelast baklengs, og dermed heile første forlengs på storskjerm, men opera-puristar hevdar at uten live handling vert heile operaen kunstig, mens atter andre hevdar at det er nettopp operaens "kunstighet" som gjer den til ein ekte opera. Ein realistisk opera er urealistisk, og dermed er all ekte kunst kunstig hevdar dei. Uansett er dei fleste tilskuarane gått heim i pausen for å unngå rushet etter kampen, slik at dette er ein teoretisk diskusjon. Symmetri-fanatikarane har då i all sin konsekvens, innsett at for å få fullstendig symmetri, så må operaen ikkje spelast i de heile, og denne ideen har budsjett-fanatikarane grepe med heile si sjel. (Mange av desse er jo symmetri-fanatikarar også. Td. insisterer dei på balanse i regnskapet, noko som jo er heilt urealistisk i verkeligheten..) Så her har vi fått ein god demonstrasjon av den universelle loven som seier at for å få liv må vi ha symmetri-brot. Fullstendig symmetri gir statiske og kjedelige strukturar (Jamfør Bach)

Arier: