Trubadurix
Opera i sju akter og ein pause av Giovanni Oro .
Dette er den mest sjølvbiografiske av alle operaer Giovanni Oro har laga.
Den handlar om eit misforstått geni som stadig prøver å få oppført og
publisert sine verk, men pågrunn av sin overdrevne seksualdrift endar med
å bli kasta i ei altfor tidlig orkestergrav.
Handlingen er skriven av komponisten sjølv i eit forsøk på å laga eit
sk. "gesamtkunstverk" og er derfor høgst forvirrande og fragmentert.
Disse er IKKJE med:
==================================================================
Astrid ex tidligare gift med Trubadurix
Obelix Astrid ex sin venn
Majestix Konge
Beatrix Dronning
Sølvsvix Ein sølvgut
Crabstix Ein fiskehandlar
Vaffelmix Kokk
Rednix Musikar med adskillig meir suksess enn trubadurix.
Picnix Lausgjengar
Mesterfix Politi
Ringerix Spion
Luretrix Mestertjuv
Sexpix Ein av byens horer
Hardpix Sexpix sin hallik
Mobydix Ein fiskar
===================================================================
SYNOPSIS:
Trubadurex er egentlig son av den russiske sigøynerkvinna Madam Mim og den kyrilliske spekulanten Zatopek men pga. illevarslande ugler, merkelige spådommar frå tre hekser ()
og nedgangstider på børsen sel dei han til den omvandrande heksedoktoren doktor Shivago
som har bruk for ei prøvekanin til sitt nye medisin-sortiment. Etter å ha blitt utsett
for allehånde forsøk vert han forlatt drivande ned seinen i ei tønne som doktoren
har brukt til å framstilla sin nye vidundermedisin, ein blanding av Viagra, Testosteron
styrkedråpar og IFA-drops.
Trubadurex vert så funnen av den egyptisk prinsessa Klara som tok babyen til seg og oppdrog han som sin egen. Trubadurix får ein oppdragelse verdig ein prins med sangundervisning, idrett (tresteg og
stavsprang, seinare kombinert til tresprang) , krigskunst (samband og førstehjelp), nesten fullført grunnfag i pedagogikk og teatervitenskap samt brevkurs i kontorfag.
1.Akt
Ein borg på dei andalusiske sletter.
Saman med sin ven Leo Porello vervar Trubadurex seg i fremmedlegionen. Under et angrep mot baskarane treff han
Carmen som er fenrik. Trubadurex vert forelska i Carmen. Dei lover kvarandre evig truskap, og
Carmen innledar umiddelbart et forhold til moteløven Leo. Trubadurex blir då så ulykkelig at han prøver å ta sjølvmord, men bommar og drep Carmen.Trubadurex og Leo vert straks gode venner igjen og bestemmer seg for å freista lukka i premier League.
Leo får jobb i Liverpool mens Trubadurex fell i hundane og vert kunstnar.
2.Akt
Ein loftshybel i Paris.
Trubadurex sit saman med sine vener D'Artagnan og
Kjartan Jan og drikk kaffi og ser på tippekampen. Om kvelden blir Trubadurex
buden til middag hos vertskapet, hr. og fru Macbeth, men etter at han prøver seg på
fruen må han rømma huset. Hr, Macbeth, som er blitt heller desperat etter sin tredje pilehytt, velter bord og stolar, men pga. sitt
delirium trur han at fruen er naboen Fleance og kastar henne ut på flekken.
3.Akt
Ei bakgate i Harlem, New York.
Grakattane kvin og Trubadurex er i god form. Han har nett vore og sett Gro Harlem Globetrotters banka Bronxegutane. Utanfor eit diskotek
får han endelig napp hos Nattens Dronning, men då ho ikkje kjem lenger opp enn f forstår
han at det egentlig er ein tranvestitt, og han tar fyken.
4.Akt
Eit grevskap i syden.
Her blir Trubadurex tatt til fange av den trojanske hær men nektar å utlevera nøkkelen
til arkivskapet i Toulouse der kopien av brevet som avslører samansvergelsen mellom
Tsaren og bækkelaget sportsklubb ligg oppbevart,
hvorpå den trojanske hær forbløffa svarer at dette er uinteressant for han sidan
han egentlig er på jakt etter spionen Monty Pyton som har brote seg inn i slottet
Sjatå Nøff og stole diamanten "den rosa panteren". Følgelig forsvinn han ut av denne
historien og viser seg seinare på TV2 i eit debattprogram forkledd som AUF. Nok om det.
I pausen:
Her følgjer ei akt uten trubadurix som har forvilla seg inn på prøvescenen der dei
øver for "Elskovsdrikken" uten at hverken Trubadurex eller dei andre finn dette
uvanlig. Feilen blir først oppdaga i pausen då Trubadurex tilfeldigvis snublar borti
Simensen som sedvanlilg går og ruslar på bakscenen. I mellomtida har Aïda i mangel av
ein prins, gifta seg med ein bilmekanikar frå Hamlagrø og har no fem barn og
plastnisse i hagen og jobbar på Rimi.
5. Akt
Vel tilbake i operaen sin og full av elskovsdrikk tar Trubadurex peiling på første og beste
dame han får auge på. Tilfeldigvis er det Madam Butterfly som står på sukkenes bru i Venezia og
syng perlefiskerduetten saman med Don Giovanni.
Plutselig høyrer dei pistolskot og Don Giovanni segnar om. Det viser seg å vera maratonløp
i byen. Don Giovanni reiser seg igjen og går.
Enter Scarpia. Exit Scarpia. Han hadde gått feil. Trubadurex er no åleine med sin pt. utkåra,
og syng La donna e immobile. Heldigvis for Madame Butterfly kjem heile maratongjengen over
brua og ho ser sitt snitt til å bevisa sin mobilitet. Det vert ny pers på 2.17.35 og ein fin andreplass.
6.Akt
Cafe Momus i Paris
Tosca som egentlig er ein forkledd operakorist sit på kafe Momus og nynnar på slavekoret. Trubadurex blir umiddelbart
stormforelska då han kjenner ho igjen som den som vart torturert på Opera Bergen
sin oppsetning av Den flygende Kalender Tosca har andre hensikter. Etter ein kort men intens flørt går ho,
og etterlet seg ein høgst forvirra Trubadurex med sju plakatar og femtifire billettar til "Ein deutches Requiem" av Brahms.
7. Akt
Under påskudd av å vera ein berømt komponist greier Trubadurix å lura seg
inn på Spellemansprisutdelinga. Her blir han møtt av programledaren, Turandot
som stiller han tre gåter: Kem e du? Kor kjem du i frå? og Korfor syng du så inn i helsike falskt?
Då Trubadurix ikkje kan svara, blir han knebla og svinebunden og til slutt kasta i orkestergrava, men står opp frå dei
døde tredje dagen på intensiven på Haukeland. Sit no ved den allmektige Henriksens høgre hand som konsulent for ny musikk og musikkteater i år tretusen, og håver inn millionar.