Forfattaren Olav H. Radbrekke er frå Skrukken midt mellom Myrkhålo og Dingset inst inne i Myrkefjorden. Myrkefjorden ligg sør for Sunnmøre og nord for Nordmøre, med andre ord i Mellommøre. Myrkefjorden er ein trong og long dal som e så smal i innløpet at du ikkje finn han hvis ikkje du veit kor du skal leita. Før gjekk da båt te Skrukken, men no er det komt bru øve både fjorden og dalen, så ingjen stoppar, og ingjen veit lenger kor han er.
Olav er ein av tre kunstneriske brør som vaks opp i Radbrekka. Olav er den eldste og har som odelsgut overteke garden. Nikolai er den mellomste kunstnaren Radbrekke. Han vart malar og drog til hovedstaden etter eit studieopphald i London der han dreiv med Kitsj-maling (vonde tunger vil ha det til at det var kitsjen-maling) Den yngste broren er dekomponisten Sjur. Han for til Bergen og vart amanuensis i musikk på Oro-akademiet.
Olav H. Radbrekke sin produksjon kretsar mykje kring livet på garden og bygda. Den beste boka er kanskje Silosvans og Dingsetdans der han beskriv dragninga mellom ungkarsmiljøet på Myrkhålo og det meir lausslupne livet på Dingset.