John Convays Game of Life

Game of Life er ein 'cellulær automat', som vart funne opp av matematikaren John Conway. Det består av ein samling celler som, basert på nokre få enkle reglar enten lever, formeirar seg, eller dør. Avhengig av startbetingelsane kan mange ulike mønster oppstå. Nedanfor kan du prøva korleis det virkar.

To see John Conway's Game of Life, you need to have Java installed. And of course Java-support has to be turned on.

Reglane:

For ei celle som er levande (fyllt):
Kvar celle med ingen eller ein nabo dør (av ensomhet).
Kvar celle med fire eller fleire naboar dør (av overbefolking).
Kvar celle med to eller tre naboar overlever.
For ei celle som død (tom):
Kvar celle med tre naboar kjem til live.

Knappane

Du kan velja ein av sju startkonfigurasjonar frå rullemenyen til venstre, eller du kan renska brettet. Så kan du kjøre eit og eit steg med "next"-knappen eller la spelet gå av seg sjølv med "start". Du kan også velja hastighet og størrelse på brettet. Du kan i tillegg leggja til eller fjerna celler manuelt vha. museklikk på brettet, enten mens spelet går, eller når det er stoppa.